Midlertidig senking av Løkjelsvatn

SKL har fått løyve til midlertidig å avvike frå kravet til minstevasstand i Løkjelsvatn, i Litledalsvassdraget i Etne. Frå 11. april til 23. juli kan vatnet verta senka lågare enn vanleg minstevasstand. Bakgrunnen for løyvet er at me skal byta ut eksisterande revisjonsstengsel og inntaksluke i magasinet.

Les meir

Midlertidig senking av Hjørnåsvatn

SKL har fått løyve til midlertidig å avvike frå kravet til minstevasstand i Hjørnåsvatnet i Litledalsvassdraget i Etne. Frå 5. april til 19. mai kan vatnet verta senka 3,1 meter lågare enn vanleg minstevasstand. Bakgrunnen for løyvet er at me skal gjera ein del nødvendige tiltak for å betre vassvegen mellom magasinet og Hardeland kraftverk.

Les meir

Årsrekneskap 2022 for konsernet SKL

Pressemelding frå Sunnhordland kraftlag AS: Året 2022 var eit veldig spesielt år for både Sunnhordland kraftlag AS (SKL) og kraftmarknaden generelt. Året har vore prega av uvanleg høge kraftprisar, mellom anna som følgje av Russland sitt angrep på Ukraina, og låg fyllingsgrad i vassmagasina i Noreg ved inngangen til hausten. SKL hadde derimot godt med…

Les meir

Berekraftsrapporten for 2022 er klar

Les om korleis SKL arbeider for å redusera klimaavtrykket i vår verksemd, og om kva våre viktigaste bidrag til FN sine berekraftsmål er, i Berekraftsrapporten for 2022. Rapporten inkluderer detaljar om kor mykje fornybar straum me produserer, og kva tiltak me gjer for å ta omsyn til økosystem, naturmangfald og tilsette. De kan og sjå…

Les meir

Deep Wind Offshore inngår partnerskap med bp i Sør-Korea

I dag kjem det store nyheiter frå Deep Wind Offshore (DWO), havvindselskapet SKL har eigarandelar i.   Pressemelding frå DWO: DWO inngår partnarskap med bp i Sør-Korea Deep Wind Offshore har inngått joint venture med bp om fire prosjekt på totalt 6 GW i Sør-Korea. – Partnarskapet med bp sett oss verkeleg på kartet, både…

Les meir

Generatoren på plass i nye Løkjelsvatn kraftverk

Den største enkeltleveransen til det nye kraftverket SKL byggjer i Etne har kome fram til fjellhallen der den skal stå. Det største vasskraftverket som for tida vert bygd i Noreg startar for alvor å nærma seg produksjon. Den 82 tonn tunge statoren, ein del av generatoren til kraftverket, blei rygga inn i til maskinhallen etter…

Les meir

Ekstraordinært utbytte frå Sunnhordland kraftlag

Eit heilt spesielt år med rekordhøge straumprisar gir ekstraordinære 300 mill. kr. I utbytte til eigarane. SKL har så langt i år eit svært godt resultat. Styret i verksemda har difor fremma forslag til generalforsamlinga om å gjera eit avvik frå gjeldande utbyttestrategi, og utbetala 80% av årsresultatet for 2022, mot vanleg 60%. Utbytte vert…

Les meir

Varig skatteauke er feil medisin mot kraftmangel

Regjeringa la fram forslag om å auke skattane på den regulerbare vasskrafta 28. september. Dette skjer midt i ein historisk energikrise i Europa og Noreg der ein ropar etter meir kraft – kraft  som helst skal vere fornybar og aller helst både fornybar og regulerbar. Slik me forstår forslaget er det ikkje innretta for å…

Les meir

Pressemelding halvårsrekneskap

Fleire nye kraftverk og rekordhøg omsetnad   Sunnhordland kraftlag AS (SKL) legg bak seg eit halvår utanom det vanlege, med eit svært godt resultat. SKL sin halvårsrapport viser eit driftsresultat på 748,4 millionar kroner etter skatt for dei fyrste seks månadene av 2022. Resultatet frå same periode i fjor, var på 152,4 millionar kroner. Snittprisen…

Les meir

Låg vasstand i Løkjelsvatn

Oppdatering: Vasstanden i Løkjelsvatn er noko lågare enn vanleg, og kan vere det i periodar fram til 15. oktober, grunna vedlikehald. Me har løyve frå NVE til mellombels å avvika frå lågaste regulerte vasstand, i samanheng med at me skal støypa og etablera eit nytt bjelkestenge i vatnet foran tilløpstunnellen. Noko misfarga vatn kan førekoma…

Les meir
Grønt vannmagasin i fjellandskap med liten foss til venstre fra magasinet.

Manglar ikkje vatn i vassmagasina i Sunnhordland

Tilsiget av vatn til Sunnhordland kraftlag sine vassmagasin går heilt som normalt på denne tida av året. Sjølv om prisen på straum er prega av låg fyllingsgrad i magasina generelt i regionen, ligg vasstanden som den pleier i SKL sine magasin. – Faktisk er det sånn at Møsevatn og Midtbotnvatn, som høyrer til Blåfalli-anlegga våre…

Les meir
De fire sommervikarene på Stord

Nye erfaringar for sommarvikarane i SKL

I sommar har me fått god hjelp frå sommarvikarar i mange delar av verksemda. Me har tatt ein prat med dei fire studentane som har vore hos oss, om korleis sommarjobben har vore. Erik Lindeflaten Dahl, 31 år, frå Eldøy på Stord Erik er ferdig med ein bachelor i fornybar energi ved HVL i Sogndal.…

Les meir