Provisorisk kraftstasjon, Litledalen, 1916.

Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) vart skipa i Stord i 1946 som eit regionalt samarbeidstiltak for å sikre stabil og tilstrekkeleg tilgang på elektrisk kraft til Sunn- og Midthordland.

Gjennom ein retta emisjon mot Karmsund Kraftlag i 1951 (i dag Haugaland Kraft), vart samarbeidet utvida til òg å omfatte Nord-Rogaland (Haugalandet).

I fleire år på rad er SKL kåra til eit av landets mest veldrivne og lønsame energiselskap. No står me framfor nye utfordringar med å utvikle selskapet vidare gjennom fleire spanande vasskraftprosjekt.

Kraftproduksjon

Kraftproduksjon er og har alltid vore SKL sin viktigaste aktivitet. SKL eig og driv i dag i alt 20 heileigde  kraftstasjonar, og har 8,75 % eigardel i Sima kraftanlegg i Eidfjord, samt 2,54% eigardel i Ulla-Førre anlegga. SKL er også deleigar – i ulik storleik i 15 småkraftverk. Samla yting er 716 MW, og vasskraftproduksjonen er omlag 2.700 GWh i eit nomalår.

Alle SKL sine kraftverk har konsesjon utan heimfall. Dette vert og stadfesta ved regjeringa si provisoriske tilordning av 10. august 2007.

Av produksjonen kjem 60 % frå Blådalsvassdraget (Blåfalli) i Matre i Kvinnherad kommune. Her er rundt 30 % av nedslagsfeltet dekka av isbre (Folgefonna), noko som har utjamnande effekt på tilsiga slik at ein òg kan få høg produksjon i år med lite nedbør.

Gjennom ein retta emisjon våren 2003 gjekk SKL inn som 15 % eigar i Aktiselskabet Saudefaldene. Med det vidareførte og styrka Elkem og SKL sitt lange samarbeid for oppgradering og utbygging av kraftanlegga i Sauda.

Gamle generatorar

Gamle generatorar

Gjennomslag, Blådalsvatn, 10.11.1959

Kraftsal i engrosmarknaden

Hovudvolumet av kraft vert seld til løpande spotpris på kraftbørsen Nordpool.

Frå bygginga av kraftstasjonen i Blådalen, 28.09.1958

Frå bygginga av kraftstasjonen Blåfalli II, 28.09.1958

Krafttak for framtida

For å auke den norske energidistribusjonen basert på fornybare energikjelder, ønskjer styresmaktene å prioritere opprusting og utviding av allereie utbygde vassdrag. SKL har teke denne utfordringa på alvor, og har over tid arbeidd aktivt for å auke produksjonen i Blådalsvassdraget i Kvinnherad, gjennom deltaking i Saudaprosjektet og arbeider no med opprusting av anlegga i Litledalen, Etne kommune.

I Blådalsvassdraget er fleire tiltak gjennomført, kor det største var bygginga av kraftverket Blåfalli Vik. Dette kraftverket har ein installert effekt på 230 MW, og årleg middelproduksjon på 810 GWh.

Blåfalli Vik erstattar kraftverka Blåfalli I og II lengst nede i vassdraget. Blåfalli II var tidlegare det eldste og største kraftverket i SKL. Sidan oppstarten i 1953 produserte det 27 TWh, men m.a. slukeevna i kraftverket var for lita. Dette gav år om anna vasstap, samstundes som det hindra ei fleksibel og effektiv utnytting av dei andre kraftverka lengre opp i vassdraget.

Blåfalli II og I vart fasa ut då det nye kraftverket Blåfall Vik sto klart sommaren 2007.

Småkraft

Småkraft er eit viktig satsingsområde for SKL.

Både åleine og i samarbeid med andre energiselskap i regionen, arbeider SKL med ei rad prosjekt i Ryfylke, Haugalandet, Hardanger, Sunnhordland og delar av Midthordland. Nokre anlegg er ferdige – og i drift, andre er under bygging, og nokre har fått eller ventar på å få konsesjon. I tillegg samarbeider SKL med Sognekraft gjennom Nydalselva AS i fleire småkraftprosjekt i Sogn og Fjordane

Meir utav kvar dråpe

Ein moderne kraftstasjon utnyttar i dag over 90 % av energien i regnvatnet. Til samanlikning utnyttar bilane i dag berre omlag 30 % av energien i bensinen.

Framtidsretta energiforsyning betyr å ta i bruk ny teknologi og den fremste kompetansen!