Eig du fallrettar? Ønskjer du å samarbeida om å utvikla ny kraft?
Me har lang erfaring med å utvikla og byggja småkraftverk.
Ta kontakt med oss for ein uformell prat.
SKL er dedikert til å utvida vår portefølje av småkraftprosjekt, og me ser stadig etter nye moglegheiter for å investera i småskala energiløysingar som støttar ei reinare og meir berekraftig framtid.
I SKL forstår me verdien i å utnytta lokale tilgjengelege ressursar for energiproduksjon. Småkraft er ein sentral del av vår strategi for å skapa rein, effektiv og berekraftig energi som styrkar lokalsamfunna og reduserer vårt miljøavtrykk.
Småkraftverk, ofte i tilknyting til mindre vassdrag, har potensiale til å skapa energi utan dei store inngrepa som større kraftverk krev. Det gjer småkraft til ein ideell løysing for distrikts-Noreg, der ein kan nytta verdifulle ressursar utan å forstyrra økosystemet.
Gjennom innovativ teknologi og berekraftig drift sikrar me at våre småkraftprosjekt leverer maksimal effektivitet med minimal miljøverknad. Vår innsats i småkraftsektoren inkluderer grundige miljøundersøkingar, samarbeid med grunneigarar og lokale myndigheiter for å sikra at prosjekta våre ikkje berre leverer energi, med også bidrar positivt for lokalmiljøet.