Fleire nye kraftverk og rekordhøg omsetnad
Sunnhordland kraftlag AS (SKL) legg bak seg eit halvår utanom det vanlege, med eit svært godt resultat.
SKL sin halvårsrapport viser eit driftsresultat på 748,4 millionar kroner etter skatt for dei fyrste seks månadene av 2022. Resultatet frå same periode i fjor, var på 152,4 millionar kroner. Snittprisen på straum i det prisområdet SKL produserer mest straum (NO2), var 162,8 øre per kilowattime (kWh) i fyrste halvår, meir enn ein tre gongar så mykje enn i same periode i 2021.
– Redusert russisk gasseksport til Europa som følgje av krigen mot Ukraina, i kombinasjon med fleire andre faktorar, har bidratt til straumprisar dette året som me tidelegare ikkje kunne sett føre oss. Saman med godt tilsig til anlegga våre som har gitt god produksjon, har me fått eit svært godt resultat, seier administrerande direktør John Martin Mjånes
– Uavhengig av dette, har SKL også i fyrste halvår 2022 jobba med langsiktig planlagde aktivitetar. Me har opna tre nye småkraftverk: Risvollelva kraftverk i Sauda, Jarlshaug kraftverk i Samnanger og Håfoss kraftverk i Etne. Med desse nye kraftverka, har me produsert meir enn dobbelt så mykje kraft frå småkraftverka våre, som i den same perioden i fjor. Det er me veldig nøgde med. Me treng å produsera meir kraft, særleg i den situasjonen me finn oss i no, seier Mjånes.
SKL gjorde investeringar for 90,5 millionar kroner fyrste halvår. Omlag ein tredel av investeringane er knytt til bygging av nye Løkjelsvatn kraftverk i Litledalen i Etne. Anlegget er venta å bli sett i drift tidleg neste år. Omlag tilsvarande beløp har gått til å ferdigstille dei tre nye småkraftverka, og Einungstølsåna kraftverk i Valldalen, som er venta sett i drift i haust. Den siste tredelen av investeringane er hovudsakleg mindre revisjonar av andre kraftverk.
Dei tre nye kraftverka, andre oppgraderingar og generell prisauke, har gitt auka kostnadar. Til saman blei SKL sine lønns- og andre driftskostnadar for fyrste halvår 66,3 millionar kroner mot 58,5 millionar kroner for same periode i 2021. Totale driftskostnadar for fyrste halvår var 319,9 millionar kroner, samanlikna med 152,4 millionar kroner for same periode i 2021.
Sjå halvårsrekneskap og halvårsmelding for 2022 i vårt dokumentsenter.
SKL meiner: Energisystemet bør bestå, men treng ekstraordinære støttetiltak