Halvårsrapport
Styret har i møte 31. august godkjent halvårsrekneskapen, og halvårsrapporten til SKL Klikk her for å sjå halvårsrapporten
Styret har i møte 31. august godkjent halvårsrekneskapen, og halvårsrapporten til SKL Klikk her for å sjå halvårsrapporten
Norges vassdrags- og energidirektorat har gjeve SKL Produksjon AS løyve til ei tidsavgrensa senking av Opstveitvatn i Matre i ein periode på 3 – 5 dagar innanfor tidrommet 15. juni – 15. august 2015. Vasstanden kan senkast inntil 2 meter under lågaste regulerte vasstand (LRV), dvs. den normale vasstanden i magasinet. Senkinga vert gjort i…
Tysdag 9. juni vitja ein Georgisk delegasjon SKL. Det var embetsmenn frå energidepartementet og miljødepartementet samt representantar for to miljøvernorganisasjonar. Besøket var eit ledd i deira studietur til Norge tilknytt eit samarbeidsprosjekt mellom Norge og Georgia med formål om berekraftig utbygging av vasskraft i Georgia. Delegasjonen vitja Gjønaelva kraftverk som er under bygging. Torfinn Kolle…
Olje og Energidepartementet gav 5. juni Tverrelva Kraft AS løyve til å byggja Tverrelva Kraftverk i Kvinnherad kommune. Tverrelva Kraft AS er 100% eigd av SKL Produksjon AS
Ferja “Folgefonn” som er i normal drift over Langenuen i sambandet Jektevik – Huglo – Hondanes er bygd om
til hybrid-drift, og skal kunna gå på straum i hovudsak, og diesel ved behov.
Saman med Norsk Klimastiftelse og BKK har SKL gjeve ut publikasjonen “Grønn visjon for Vestlandet”
I generalforsamlinga til SKL vart det den 20. april 2015 vedteke å betale ut 92.5 millionar kroner til eigarane for rekneskapsåret 2014. Dette er i tråd med innstillinga frå styret. Generalforsamlinga godkjende den framlagde rekneskapen for konsernet SKL for 2014. Den syner ei årsomsetning på 845 mill. kr, der konsernet oppnådde eit resultat etter skatt…
Tysdag og onsdag har det vore samlingar med SKL sine sponsor- og samarbeidspartnarar.
NVE inviterte tysdag 14. april til folkemøte om Blåfalli Fjellhaugen utbygginga. Dette er ein del av prosessen i konsesjonshandsaminga, der SKL har søkt om å få løyve til å byggja eit nytt stort kraftverk i Fjellhaugen-området. Kraftverket vil nytta fallet mellom Midtbotnvatn og Fjellhaugvatn. Installert effekt i det omsøkte kraftverket vil vera om lag 150…
Til alle som ferdast i SKL sitt nedslagsfelt i Fjellhaug- og Blådalsområdet. På regulerte elvar og vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Dette gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggja att isflak som det kan vera farleg å…
Det er kome eit flott tilskot til Fjellhaugen Skisenter. Torsdag 12.3. vart den nye varmestova offisielt opna
Etter ei årsomsetning på 845 mill. kr, fekk konsernet SKL i 2014 eit resultat etter skatt på 124 mill. kr. Resultatet er 62 mill. kr lågare enn i 2013. Driftsresultatet i 2014 vart 299 mill. kr mot 413 mill. kr året før. Av dette kjem 275 mill. frå kraftproduksjon. Skattekostnaden for 2014 er rekna til…
Haugaland Kraft og SKL ynskjer å videreutvikle selskapa gjennom omstrukturering. Styra i Haugaland Kraft AS og Sunnhordland Kraftlag AS har vedteke å arbeide fram ein avtale om å omstrukturere selskapa gjennom kjøp og sal av verksemdområde. Transaksjon vil innebera eit betydeleg byte av aktiva der SKL si nettverksemd og marknadsverksemd vert selt til Haugaland Kraft, SKL overtek…