Gjennomslag i Tverrelva

Tysdag 5. april var det gjennomslag i vasstunnelen i Tverrelva kraftverk i Uskedalen, Kvinnherad kommune.
Tunnelen er 690 m lang, og har ein diameter på 740 mm. Det er firmaet Norhard som har bora tunnelen med ein fullprofil boremaskin.

Les meir

Nye eigarar overtek SKL si naturgassatsing

Med verknad frå 1. april 2016 overtek lokale investorar naturgassverksemda til SKL. Det er viktig i eit lokalt og regionalt perspektiv. Dei nye eigarane overtek ei satsing SKL har hatt sidan 2007, der ein har utvikla og bygd infrastruktur for naturgass på Stord.

Les meir

SKL vann “Gullsild” for beste årsmelding på nett

SKL og Oktan Stavanger / Sydvest vann i helga Gullsild-prisen for beste nettstad i Markedsforeningen på Haugalandet. Gullsild er Haugesundregionens svar på den nasjonale konkurransen Gullfisken. Her vert beste bidrag innan marknadsføring og visuell kommunikasjon i regionen kåra. Me vann for årsrapporten 2014. SKL var nominert saman med Appex, Karmsund Havn, Odd Hansen, Tidsmaskinen.no og ZGoat.

Les meir

SORIA deler ut oppdrag for 1.4 milliardar

Nettselskapa i SORIA-samarbeidet har signert avtale med Nuri Telecom LtD (Nuri) om kjøp av kommunikasjonsutstyr og automatiske straummålarar til over 700 000 kundar. Avtalen har ein verdi på rundt 600 millionar kroner. Samstundes er det inngått montasjeavtalar med Eltel Networks AS, Ringeriks-Kraft Service AS og OneCo Technologies AS for 800 millionar kroner.

Les meir

Konsesjon til Tøsse Kraftverk

Konsesjon til Tøsse Kraftverk SKL Produksjon AS har  25.09.2015 fått konsesjon til å byggje ut Tøsse Kraftverk. Kraftverket utnyttar nedre del av Eikemoelva i Etne kommune. Kraftverket er planlagd med ein installasjon på 4,0 MW og ein årsproduksjon på 13,8 GWh.

Les meir

Senking av Opstveitvatn

Norges vassdrags- og energidirektorat har gjeve SKL Produksjon AS løyve til ei tidsavgrensa senking av Opstveitvatn i Matre i ein periode på 3 – 5 dagar innanfor tidrommet 15. juni – 15. august 2015. Vasstanden kan senkast inntil 2 meter under lågaste regulerte vasstand (LRV), dvs. den normale vasstanden i magasinet. Senkinga vert gjort i…

Les meir