I dag kjem det store nyheiter frå Deep Wind Offshore (DWO), havvindselskapet SKL har eigarandelar i.
Pressemelding frå DWO:
DWO inngår partnarskap med bp i Sør-Korea
Deep Wind Offshore har inngått joint venture med bp om fire prosjekt på totalt 6 GW i Sør-Korea.
– Partnarskapet med bp sett oss verkeleg på kartet, både i Sør-Korea og internasjonalt. Denne avtalen bekreftar kvaliteten i prosjekta våre og i arbeidet som ligg bak, seier CEO Knut Vassbotn i Deep Wind Offshore.
Deep Wind Offshore gjekk inn i den sør-koreanske marknaden i 2021 og har sidan utvikla ein portefølje på totalt 6 GW. Dei tilsette i Sør-Korea er fordelt på fire kontor. Det norske havvindselskapet har allereie sikra seg eksklusivitet på 2 GW i Sør-Korea.
No går bp inn i den sør-koreanske havvindmarknaden gjennom Deep Wind Offshores nærvere og posisjon. Deep Wind Offshore skal halde fram å leia pågåande prosjekt og prosessar, mens bp vil leia ingeniørarbeid, innkjøp og kommersiell utvikling.
– Dette gir oss betydeleg løfteevne, og no ligg alt til rette for realisering av prosjekta i Sør-Korea. Me ser fram til å jobba tett saman med bp for å produsera fornybar energi, og samtidig skapa moglegheitar for lokale leverandørkjeder, seier Knut Vassbotn.
Sør-Korea ligg an til å verta ein av dei leiande havvindnasjonane i verda, og har sett seg som mål at 22 prosent av energiproduksjonen skal vera fornybar innan 2030. bp har hatt operasjonar i Sør-Korea i over 40 år, mens Deep Wind Offshore har eit solid fundament gjennom sin eigar – Knutsen Group. Rederiet har vore til stades i Sør-Korea sidan 2006, og er i dag ein av dei største kundane til sør-koreanske verft.
Solid fundament
Eigarane Knutsen Group, Haugaland Kraft og Sunnhordland Kraftlag var med da CEO Knut Vassbotn og CCO Hans Petter Øvrevik etablerte Deep Wind Offshore i 2021. Allereie same år gjekk franske EDF, ein av Europas største kraftprodusentar, inn som 50/50 partnar i selskapet sine prosjekt i Noreg.
– Deep Wind Offshore har ein strategi om å utvikla 10 TWh fra vår 10GW+ portfølje på 10 år. Dette vil me gjera gjennom partnarskap. Gjennom å utvikla prosjekt frå grunnen av, i samarbeid mellom vårt sterke team i Noreg og betydeleg lokalt nærvere, ønskjer me å også gi moglegheitar til partnarar når risiko er redusert. Me har bevist at modellen fungerer i Noreg, og gjennom partnarskapet med bp viser me at denne modellen også fungerer internasjonalt, seier Vassbotn.
På bildet: (F.v.) Country manager i Sør-Korea og Program Director for JV-et Ho Keun Song i Deep Wind Offshore, CCO Hans Petter Øvrevik i Deep Wind Offshore, Head of Business Development offshore wind new market Anya Hoff i bp og Head of bp Korea Jin Wook Lee.
Deep Wind Offshore
- Internasjonal utviklar og eigar av havvindparkar, etablert i 2021
- Hovudkontor i Haugesund, kontor i Sverige og Sør-Korea
- Industrielle eigarar: Knutsen Group, Haugaland Kraft og Sunnhordland Kraftlag