Regjeringa la fram forslag om å auke skattane på den regulerbare vasskrafta 28. september. Dette skjer midt i ein historisk energikrise i Europa og Noreg der ein ropar etter meir kraft – kraft som helst skal vere fornybar og aller helst både fornybar og regulerbar. Slik me forstår forslaget er det ikkje innretta for å hente inn ekstraordinære inntekter i den spesielle situasjonen vi står i no, men ein varig skatteauke på regulerbar vasskraft. Forslaget er svært negativt for investeringar i fornybar kraftproduksjon.
Gjennom eksisterande særskatter og avgifter får både vertskommunar, eigarkommunar og staten del i verdiane frå vasskrafta, samstundes som kraftselskapa er i stand til å investere i ny produksjon og oppgradering/vedlikehald av eksisterande anlegg. Regjeringas forslag om varig auke i skatt på vasskraft gir i liten grad meir verdiar til fellesskapet, men flyttar verdiane frå kommunane og regionane til staten.
Ved at grunnrenteskatten vert auka til 45% og det vert innført ein ny «høgprisskatt» på 23% endar me opp med ein skatt på 90% på alt som vert produsert over 70 øre/kWh (inkluderer selskapsskatten på 22%, men ikkje konsesjonskraft/-avgifter). Det er høgare enn skatten på olje og gass, petroleumsskatten.
Forslaget om eit «høgprisbidrag» kan verke tilforlateleg i dagens situasjon men kan gi store negative konsekvensar på sikt. I ein normalsituasjon straffar «Høgprisbidraget» såkalla effekt-kraftverk som leverer når den uregulerbare produksjonen ikkje produserer og prisen difor er høgare. Kraftsystemet treng meir effektanlegg i framtida når det blir stadig meir produksjon frå sol og vind. Blåfalli Fjellhaugen er eit slikt prosjekt som Sunnhordland Kraftlag tok fram frå skuffen i 2020 etter at Stortinget endra grunnrenteskatten. Blåfalli-anlegga våre er med sine store reguleringsmagasin godt egna til å tilby slik effekt, og Blåfalli Fjellhaugen er planlagt å auke evna til å produsera mykje kraft på kort tid, med 150-200 MW. Effekt-kraftverk er kostbare å byggje ut, og konsekvensen av den nye skattlegginga er at me ikkje ser korleis vi kan gå vidare med prosjektet.
Skatteforslaget verkar å løyse problem på kort sikt i ein ekstraordinær situasjon ved å innføre varige endringar utan tanke for dei langsiktige konsekvensane. Dei høge kraftprisane me har no er eit sterkt signal om at me sårt treng meir kraft! Forslaget som vart lagt fram i dag får motsette følgjer. Mekanismane i skatteforslaget bringer ikkje Noreg nærmare Regjeringas og Stortingets mål om elektrifisering og utsleppskutt, tvert i mot. Den eksepsjonelt høge skatten vil også vere gjeldande når straumprisane vert meir normale. Det tappar kraftselskapa for kapital og gjer det svært krevjande for planlagde prosjekt som skal bidra til å løfte oss over til eit elektrifisert og grønare samfunn. Forslaget gjer det vanskeleg å gjenskapa den stolte historia Noreg har med vasskrafta, der lokalt og regionalt eigarskap er sentral i utviklinga samfunnet.
Har regjeringa eigentleg skjønt rekkjevidda av sitt eige forslag?