Eit heilt spesielt år med rekordhøge straumprisar gir ekstraordinære 300 mill. kr. I utbytte til eigarane.
SKL har så langt i år eit svært godt resultat. Styret i verksemda har difor fremma forslag til generalforsamlinga om å gjera eit avvik frå gjeldande utbyttestrategi, og utbetala 80% av årsresultatet for 2022, mot vanleg 60%.
Utbytte vert utdelt i to utbetalingar, høvesvis 300 mill.kroner hausten 2022 og resterande etter ordinær generalforsamling våren 2023.
Vedtaket vart gjort i ekstraordinær generalforsamling 27. oktober.