Med jamn tilgang på friskt og kaldt brevatn i ein region der det også regnar mykje, har Sunnhordland kraftlag (SKL) ein unik posisjon som stabil og miljøvenleg straumleverandør. Som råvare i kraftproduksjonen vår er me så heldige å ha ein rein og fornybar naturressurs: Rennande vatn.

Vasskraft har høgast utnyttingsgrad, lengst levetid og er den mest klimavennlege måten å produsera energi på.

Folgefonna, Noregs tredje største isbre, ruver som leverandør av kraft til SKL. Ved avrenningsfeltet i den søre brearmen startar Blådalsvassdraget, som er sjølve hjarta i Sunnhordland kraftlags energiproduksjon, og har vore dette gjennom fleire generasjonar. Det naturlege smeltevatnet som isbreen tilfører, har i tillegg ein utjamnande effekt, slik at me kan oppretthalda ein høg produksjon i periodar med lite nedbør. Frå vatnet i Blådalsvassdraget kjem nær 80 prosent av elektrisiteten me produserer.

Nedbørsrekorden

Elvevatnet kastar seg ut frå høge stup og bratte fjell i eit landskap med kysten i vest som nær nabo. Gjennom året regnar det rikeleg her, og Indre Matre har den norske rekorden med 230 millimeter nedbør i løpet av eitt døger. Dei store mengdene med regn sørgjer for godt tilsig til dei 11 magasina me har i Blådalsvassdraget. Vassmagasina gir oss ein påliteleg og fleksibel produksjon, med jamn og god tilgang på vatn og kan samkjøra produksjonen i tråd med etterspurnaden i marknaden.

Me arbeider også aktivt med å effektivisera dei eksisterande kraftverka våre slik at dei produserer endå meir straum. Kraftverket Blåfalli Vik er eit døme på dette, der det utvida kraftverket no har ein kapasitet som tilsvarar forbruket til 35.000 husstandar (frå om lag 29.000). Ved all utbygging har me fokus på så skånsame inngrep i naturen som mogleg.

Reinaste krafta

Kraftstasjonane våre utnyttar så mykje som 90 prosent av råenergien i vatnet, og er den reinaste krafta du kan få. Til samanlikning greier eit kolfyrt varmekraftverk berre å utnytta knapt 50 prosent av energien i kolet.

Produksjon av vasskraft tilfører så og seia ingen klimagassar, og motverkar på denne måten den globale oppvarminga. Difor er me som straumleverandør ein viktig bidragsytar i å unngå utslepp til lufta me pustar inn. Vasskraft er eit godt alternativ for å avgrensa bruken av ikkje-fornybare energiressursar.

I tillegg er innhaldet av næringssalt og organisk materiale i det iskalde brevatnet er så lågt at det påverkar livet i vassdraget i svært liten grad.

Auka utbygging av ei stor mengd vind- og solkraft i Europa har gjort energiforsyninga meir svingande i periodar når sol og vind uteblir. I vassmagasina våre kan me derimot samla vatn i periodar når forbruket er lågt, og sleppa det laus når forbruket stig.

Medan resten av Europa kjempar for å oppnå EUs 2020-mål om ha minst 20 prosent fornybar engergiforsyning, dekkjer vasskrafta åleine om lag 60 prosent av nordmenns energibehov. SKL er stolte over å vera med å bidra til dette resultatet. Vasskrafta er i tillegg fornybar og utømeleg, og legg grunnlaget for berekraftig elektrisitetsproduksjon i generasjonar framover.