Den største enkeltleveransen til det nye kraftverket SKL byggjer i Etne har kome fram til fjellhallen der den skal stå. Det største vasskraftverket som for tida vert bygd i Noreg startar for alvor å nærma seg produksjon.
Den 82 tonn tunge statoren, ein del av generatoren til kraftverket, blei rygga inn i til maskinhallen etter ein strabasiøs etappe med slapseføre, bratte bakkar og hårnålssvingar i Litledalen. To trekkvogner måtte til for å trekke den tyngste og største delen til kraftverket opp den siste, bratte delen før inngangen til kraftverket i fjellet.
– Dette er ein stor milepåle for prosjektet og eg er svært tilfreds med å sjå at prosjektet stadig nærmar seg sluttføring. Mykje godt arbeid er gjort til no og det har vore lagt ned ein imponerande innsats frå dei involverte. No gjeld det å dra saman det siste stykket før me er i mål, seier Sunnhordland kraftlag (SKL) si prosjektleiar, Kjetil Heimvik.
Transporten på knappe 15 kilometer frå kaia i Etne sentrum starta på morgonen fredag, og fyrst på kvelden blei statoren løfta av og plassert inne i Løkjelsvatn kraftverk. Den store kassa han vart transportert i var på størrelse med ei lita hytte (4,5 x 5 meter) og for stor for fjelltunnelen. Nokre timar gjekk difor med til å demontere kassa, før statoren kunne ryggjast inn i fjellhallen på kvelden.
– Transporten inn vart trong, men det var og forventa. Likevel gjekk det greitt, utan store heftingar. Både me i SKL, leverandørar og transportørar hadde gjort ein god jobb med logistikken, og det var kjekt å sjå at alt forarbeid kom til nytte. Dette er den tyngste enkeltleveransen, og er på mange måtar hjarta i kraftverket, så det er godt å få den på plass, forklarer Heimvik.
Det nye kraftverket til Sunnhordland kraftlag AS (SKL) skal produsera til saman 163 GWh fornybar straum årleg. Det er like mykje som over 8000 husstandar brukar i snitt. Viss alt går etter planen, startar kraftverket opp seinare i år.