Frå mai 2018 er det eit krav om informasjonsplikt ved innsamling av opplysningar frå personar som registrerar seg på nett (ref. Personopplysningslova § 19).
SKL, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar.
På denne nettstaden vert det samla inn persondata gjennom følgjande verktøy:
- Adobe Fonts
- YouTube/Vimeo (besøksdata, visningsdata)
- Søknadsskjema (namn, e-post, telefonnummer)
Kva er ein «cookie»?
Ein cookie – på godt norsk kalla «informasjonskapsel» – er ein teknologi nytta av dei fleste nettstader. Det er ein liten tekstfil som vert lagra på din enhet, og kan inneholde forskjellig informasjon om din bruk av nettstaden. Til dømes kan den hugse pålogginga di, kva innstillingar du har aktivert på nettstaden, kva sider du besøker på nettstaden vår, kva lenkjer du trykker på og liknande.
Besøksanalyse og statistikk
Me nyttar Umami Analytics for å analysere trafikken på nettstaden vår. Dette er levert av Umami. Verktøyet nyttar ikkje cookies for å analysere korleis ein brukar nyttar nettstaden vår, og informasjonen om brukaren vert ikkje lagra.
Les meir om Umami her: https://umami.is/platform
Adobe Fonts
For å sikre ei lik visning av fontar på alle enhetar, nyttar denne nettstaden fontar tilpassa for nettbruk levert frå Adobe. Når du opnar ei side hos oss, vil nettlesaren din laste inn fontane du treng for å vise sida skikkeleg til mellomlagringa di.
Når du besøker ei side på nettstaden vår, lastar nettlesaren din ned dei nødvendige skriftene direkte frå Adobe sine servere for å vise teksten riktig. I samband med dette oppretter nettlesaren din ei tilkobling til Adobe sine servere, og Adobe mottek informasjon om di IP-adresse, kva sider du besøker, i tillegg til teknisk informasjon om bruken. Adobe opplyser at IP-adressen berre vert brukt for å levere tenesten og til avrekning av lisensar ovanfor skriftdesignere, og at den ikkje vert lagra permanent.
Les meir hos Adobe: https://www.adobe.com/privacy/policies/adobe-fonts.html
Videovisning
Me nyttar i norkre tilfeller YouTube eller Vimeo for å vise filmar på nettstaden vår. Desse hentar inn informasjon som IP-adressa di, kva nettlesar du nyttar, teknisk informasjon om enheten din og kva tidspunkt du besøker sida.
Informasjon samla inn av YouTube/Vimeo vert lagra på Google/Vimeo sine tenarar i USA, og me har ikkje tilgang til desse.
Les meir om korleis Vimeo handterer data her: https://vimeo.com/privacy
Les meir om korleis YouTube handterer data her: https://policies.google.com/privacy
Stønadsskjema
Gjennom våre skjema for støtte om stønad samlar me inn informasjon om søkarane og søknaden deira. All informasjon som vert samla inn vert lagra på vår tenar, og vert lagra i opp til eitt år. Informasjonen vert berre nytta for å ha ei oversikt over søknadar og søkarar. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå kvar enkelt søkar.
Generelt
Selskapet Zpirit AS har tilgang til personopplysningar lagra på vår tenar gjennom drift, utvikling og vedlikehald av nettstaden.
Personopplysningane som vert lagra på nett-tenaren vår er dekka av same tryggleikstiltak som resten av nettstaden.
For spørsmål eller ved ønskje om innsyn, retting eller sletting, ta kontakt med:
Hilde Zwaig Kolstad
Kommunikasjonsansvarleg
Mobil: 485 03 712