Kraft i lag

Sunnhordland Kraftlag forvaltar store naturressurser og produserer fornybar energi. Frå vatn og vind skaper me verdiar i regionen og legg til rette for energibehova i dag og i framtida.
Les meir

AKTUELT

Sterkt resultat for SKL første halvår 2026

Årsmelding og berekraftsrapport for SKL

Løkjelsvatn kraftverk offisielt opna

Viktig om pågåande arbeid i Kvinnherad

3,2

TWh

Produksjonsresultat i 2025

44

Vind- og vasskraftverk

178,6

mill kr.

Verdioverføring til kommunar

Om SKL

Sunnhordland Kraftlag er Noregs 8. største produsent av elektrisk kraft frå fornybare naturressursar.
Fornybar kraft er ein viktig del av energiforsyninga og spelar ei sentral rolle i arbeidet med å redusera klimagassutslepp,
styrka forsyningstryggleiken og legga grunnlaget for verdiskaping lokalt og i regionen.

Gjennom året støttar SKL ei rekke tiltak, lag og organisasjonar – fleirårige sponsorsamarbeid og ulike enkeltaktivitetar. I 2025 fekk rundt 100 ulike idrettslag, foreiningar, bygdalag, sommarleirar, teaterlag, festivalar, skuleklasser, turlag, korps, og andre støtte til å skapa spennande og utviklande tilbod til barn og unge i vår region.

Kven me er og kva me gjer

SKL produserer fornybar kraft med langsiktig perspektiv og på ein ansvarleg måte.
I utvikling og drift av kraftanlegg må ulike omsyn vegast mot kvarandre, mellom anna behovet for energi, naturverdiar og lokalsamfunn.

Me skal bidra til trygg energiforsyning og verdiskaping,
samtidig som me tar omsyn til konsekvensane verksemda vår har.
Kvar dag jobbar rundt 70 dyktige tilsette for at kraftanlegg og prosessar skal fungera best mogleg,
frå våre kontor og anlegg på Stord, i Kvinnherad og i Etne.

Kraftverka våre

SKL produserer elektrisitet frå 21 heileigde vasskraftverk og eit vindkraftverk, samt som deleigar i 18 øvrige vasskraftverk.

Bygge ut småkraft?

SKL er ein erfaren utbyggjar og driftar av vasskraft. Me tilbyr samarbeid og medeigarskap for dei som ønskjer å nytta eigne fallrettar.

Ledige stillingar

Ønsker du å jobba med fornybar energi? Her finn oversikt over ledige stillingar innan vårt aktivitetsområde mellom Bergen og Stavanger.