Stolt utviklar av elvekraft

SKL er ein erfaren utbyggjar og driftar av vasskraft. Me handterer forprosjekt, konsesjonssøknad, finansiering, byggeleiing, og drift og vedlikehald.  

Nesten 80 år med vasskraftutbygging har gitt oss brei erfaring, både i enkle og krevjande prosjekt. Me er vande med å handtera flaumproblematikk, fiskevandring og -bestand, og å ta vare på det biologiske mangfaldet. Målet er skånsam utbygging av anlegg som gir høg produksjon.  

I dag eig me heilt eller delvis 29 småkraftverk, som til saman produserer om lag 245 GWh (vår andel).

Sjå våre kraftverk her.

Småkraftfilosofi

Vår filosofi er å invitera falleigarane med inn på eigarsida, i tillegg til å gi dei styreverv og observatørrolle i styret i selskapet som leiger fallrettane. Me trur at det gir best grunnlag for samarbeid og sunn drift over tid.  

SKL ynskjer å nytta lokale entreprenørar under bygging, og lokale representantar som tilsynspersonell på anlegga.  

Trygt og føreseieleg – i heile landet

Kraftverka me har eigarskap i vert drifta av vår døgnkontinuerlege, bemanna driftssentral. Det er føreseieleg og trygt både for eigar og rettshavar.  

SKL eig heilt eller delvis 24 småkraftverk i region Vestland. Det er vårt hovudverkeområde, men me har visjonar om å vera tilstades i heile landet.  

SKL har eit uttalt mål om å auka produksjonen, både via utvikling og kjøp.

Har du fallrettar du ynskjer å nytta, eller kraftverk du ynskjer medinvestor på, ta kontakt med oss