Framtida er avhengig av at born og unge med draumar og talent får utvikle seg. SKL bidrar til at vi skal ha nokon å sjå opp til, nokon som kan og vil mykje, og som gir oss gode opplevingar.
Sponsorsamarbeid skal støtta SKL sine kjerneverdiar og aktivitetar skal byggja på berekraft, samfunnsansvar og løysingsfokus.
SKL vil gi noko tilbake til samfunnet som har gitt oss høve til å forvalta naturressursar. Samarbeidet skal i hovudsak gi born og unge høve til å utvikla seg, og nå nye mål, anten det er på scena eller på idrettsbanane, innan natur og miljø, eller (fag)kunnskap.
Det kan søkjast om støtte innanfor følgjande område:
- Idrett
- Kultur
- Realfag
- Natur og miljø
Søknadsfrist er 28. februar.
Tildeling blir gjort ut frå ei heilskapleg vurdering, der tiltak i kommunane der me har mest kraftutbygging har høgast prioritet. I vurderinga tar me også omsyn til ei blanding av dei ulike områda lista opp over. Til slut speler det naturleg nok inn kor mange søknadar som kjem inn frå år til år, og den totale støtta det blir søkt om.
Alle søkjarar får svar innan 31. mars.
