Pressemelding frå Sunnhordland kraftlag AS:
Året 2022 var eit veldig spesielt år for både Sunnhordland kraftlag AS (SKL) og kraftmarknaden generelt. Året har vore prega av uvanleg høge kraftprisar, mellom anna som følgje av Russland sitt angrep på Ukraina, og låg fyllingsgrad i vassmagasina i Noreg ved inngangen til hausten. SKL hadde derimot godt med vatn i magasina gjennom heile året og produserte til saman 2,3 TWh rein og fornybar vasskraft. Med dei høge prisane førte det til eit resultat som ikkje kan samanliknast med noko tidlegare. Resultatet etter skatt vart 1, 745 milliard kroner og omsetninga over 5,5 milliard kroner.
SKL sel all kraft til prisen som til ei kvar tid er i marknaden. Det høge resultatet er ei direkte følgje av dei høge marknadsprisane. Resultatet kjem våre offentlege eigarar til gode, både gjennom skattar, avgifter og utbyte. Totalt betalar SKL 3,3 milliard kroner i skattar og avgifter i 2022, og deler ut 1,1 milliard kroner i utbyte, i tillegg til 300 million kroner som vart delt ut i haust.
SKL sine mål i 2022 har, som tidlegare, vore å drifta, utvikla og byggja fornybar kraft på ein forsvarleg og kostnadseffektiv måte. Samla investeringar for konsernet utgjer 186,4 mill. kr. Av dette utgjer 86,4 mill.kr utbygging av Løkjelsvatn kraftverk i Litledalen i Etne, for å erstatta gamle anlegg. Det er også nytta 64,6 mill.kr i samband med bygging av fire småkraftverk, der tre av dei vart sett i drift i løpet av året som gjekk. Resten av investeringane har i hovudsak gått til reinvesteringar i eksisterande anlegg. SKL har også gjort mindre finansielle investeringar i selskap innan offshore vind og hydrogenproduksjon.
Annleisåret for kraftmarknaden
Året 2022 vart sterkt prega av mange forstyrringar i energimarknaden i Europa. Sentrale årsaker var krigen i Ukraina med reduksjon og stans av gassleveransane frå Russland til Europa, ein svak energibalanse i Norden, hetebølge i Europa, og at mykje av Europa sin kjernekraftproduksjon enten midlertidig eller permanent var tatt ut av drift. Alle desse forholda smitta direkte inn i den nordiske energimarknaden med ein heilt ny skala av prisnivå og -svingingar.
Vasskraftproduksjonen
For SKL var produksjon i 2022 på totalt 2317 GWh i SKL. Det er 19 GWh eller ca. 0,7% meir enn det som er rekna som middel produksjon. Dei konsoliderte småkraftverka hadde ein produksjon på 124 GWh, mot middelproduksjon for anlegga som utgjer 142 GWh. Avviket mot middelproduksjon skuldast hovudsakleg at dei tre nye kraftverka vart sett i drift i 2022, og har difor ikkje fullt produksjonsår.
Magasininnhaldet ved inngangen til 2022 var omtrent identisk med utgangen, med berre 3 GWh høgare ved utgang. Total nedbør i Matre i Kvinnherad, der SKL har sitt største anlegg i Blådalsvassdraget, vart 3581,5 mm (9 % høgare enn normalt) mot 2819 i 2021. Side 2 av 2
Gode tal også for HMS
I 2022 hadde SKL ingen skade hjå tilsette, med eller utan fråvær, og med det ein H1, og H2-verdi lik 0. Tilsvarande tal for 2021 var ein skade med fråvær og H1, og H2-verdi lik 10,6. Samla sjukefråvære var 2,8% mot 6,2% i 2021.
Årsrekneskapen vart handsama i styret 23. februar 2023. Styret tilrår ovanfor generalforsamlinga ei utbetaling til aksjonærane på 1 100 mill. kr. Det vart hausten 2022 utdelt eit tilleggsutbytte på 300 mill.kr. Generalforsamlinga vert halden 20. april.
Om SKL
Konsernet Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er eit konsern innan produksjon- og utvikling av fornybar vasskraft. SKL sin kraftproduksjon ligg i all hovudsak i Hordaland- og Rogaland fylke. Hovuddelen av kraftproduksjonen og driftsmiljøet er lokalisert til Matre i Kvinnherad kommune, der fleire stasjonar nyttar vassressursane i Blådals-vassdraget. SKL har også ei driftsavdeling i Litledalen i Etne kommune tilknytt Litledalen- og Hardeland Kraftverk. I tillegg eig og driv SKL Eikelandsosen kraftverk i Fusa, Rødne Kraftverk i Vindafjord, Bordalsbekken i Tysvær og to mindre stasjonar på Stord. SKL er også medeigar i Sima kraftverka (8.75%) i Eidfjord og Ulla Førre kraftverka (2,54%) i Rogaland og Aust Agder. Midlare kraftproduksjon i stasjonane er 2 440 GWh inkludert konsoliderte småkraftverk.
Småkraftsatsinga skjer hovudsakleg i eigne dotterselskap og tilknytt selskap. I konsernet inngår 13 småkraftverk i eigne selskap. 12 av desse har kraftverk i drift med ein total midlare kraftproduksjon på 142 GWh, og eitt kraftverk på 10 GWh er under bygging. Gjennom tilknytt selskap har SKL eigarskap i ti småkraftverk med midlare produksjon på 135 GWh.
Selskapet deltek også i kraftproduksjon i Sauda gjennom eigardel på 15 % i AS Saudefaldene.
Driftssentralen som overvaker og styrer produksjonsanlegga er lokalisert til Stord, som også er sete for hovudkontoret til selskapet.