I sommar har me fått god hjelp frå sommarvikarar i mange delar av verksemda. Me har tatt ein prat med dei fire studentane som har vore hos oss, om korleis sommarjobben har vore.
Erik Lindeflaten Dahl, 31 år, frå Eldøy på Stord
Erik er ferdig med ein bachelor i fornybar energi ved HVL i Sogndal. Han har vore dedikert til SKL sin berekraftrapport i sommar. Han har vurdert SKL sine berekraftmål og rapporten frå i fjor, jobba med å utvikla ein ny mal som kan brukast i klimarekneskapen, og foreslått berekraftige og energisparande tiltak. Erik synest sommarjobben er interessant og variert, og ikkje minst lærerik.
– Berekraft var ein sentral del av studiet eg gjekk på, og gjennomsyra dei aller fleste faga. Eg har difor god kjennskap til mellom anna FN sine 17 berekraftsmål, som SKL har tatt utgangspunkt i. Eg får óg god nytte av det eg har lært om Excel, og evna til å finne gode kjelder på internett.
Sommarjobben i SKL har påverka han til å tenke seg ein jobb i kraftbransjen i framtida.
– Eit av favorittfaga mine på studiet var Energiøkonomi, så eg har tenkt at noko i den retninga hadde vore kjekt. Samstundes er eg oppteken av berekraft, og positive erfaringar frå denne sommarjobben har gjort at det absolutt er aktuelt å jobbe innan det feltet.
I løpet av sommaren bestemte Erik seg for å studera vidare til master i Berekraft – klima og energiomstilling, ved Universitetet i Bergen, til hausten.
Kan du komme på noko du synest folk bør vite om SKL som dei kanskje ikkje veit frå før?
– Eg har fått eit veldig positivt inntrykk av SKL. Det er tydeleg at dei tilsette er opptekne av berekraft. Dei verkar villige til å gjere ein innsats for å nå berekraftsmåla sine, det er ikkje berre «tomme ord».
Thea Vestbøstad, 23 år, frå Fitjar
Til vanleg studerer Thea rettsvitskap ved Universitetet i Bergen. Hos oss har ho teken fatt på oppgåver innan økonomi og berekraft. Ho får nytta både noko av det ho lærer på studiet sitt, og interessa ho har for internasjonal rett og samarbeid.
– Berekraftrapporten til SKL baserer seg i stor grad på berekraftmåla til FN, så da får eg dykka ned i det internasjonale aspektet. I tillegg er det fokus på både arbeidsliv og naturmangfald i rapporten, så eg nyttar kjennskapen eg har til lovverket til å navigere i det, og foreslå mål, og tiltak for å nå måla.
Mange av oppgåvene Thea fekk i SKL var nye for ho, men ho synest det har vore lærerikt, og gøy å gjera mykje forskjellig og nytt.
– Men eg ser nå at det er mykje meir omfattande enn eg trudde i byrjinga. Å bli ei berekraftig verksemd krevjar omfattande tiltak og omstilling. Då ligg det mykje ansvar i det me skal gjera; å kartleggja og foreslå moglege berekraftige tiltak for verksemda. Det betyr igjen at arbeidet potensielt kan få ganske stor tyding for SKL, den vidare drifta og miljøet. SKL er villige til å setje i verk ei rekkje tiltak for at dei skal bli meir berekraftige og oppnå måla, og det er det gøy å vere ein del av.
Kan du komme på noko du synest folk bør vite om SKL som dei kanskje ikkje veit frå før?
– At folk ikkje er klar over kor stor bidragsytar føretaket faktisk er, og at me skal vere glade me har SKL i Sunnhordland. Trass det at vasskraft fører med seg inngrep i naturen, er SKL eit stort bidrag i form av arbeidsplassar, sponsorbidrag, skattar og avgifter dei bringar inn til det offentlege, medan dei har stort fokus på miljø og berekraft.
Nyttar ingeniørstudia til arbeid med krafthandel
Per Inge Notland og Øyvind Tvedte Vangsnes er begge 21 år, frå Stord, og held på med mastergrad i industriell økonomi og teknologileiing ved NTNU i Trondheim. I sommar har dei hjelpt oss med å digitalisere delar av krafthandelsystema me nyttar. Dei har jobba med å automatisere prosessar, flytte data til skya og liknande.
– Me har òg jobba ein del med maskinlæring; til dømes har me brukt det til å lage prisprognosar, fortel Øyvind.
– Eg tenkte først at oppgåvene låg eit godt stykke utanfor det eg har lært gjennom studia. Heldigvis har eg dyktige og kjekke kollegaer som eg har kunna spørje om det eg lurar på. Det har bidratt til ei bratt læringskurve. Men arbeidsoppgåvene er overkommelege sjølv om dei for all del krevjar ein del av meg, seier han.
Korleis får de bruk for studia i arbeidet deira her i SKL?
– På studiet har eg valt datateknologi og kunstig intelligens som teknologiretning. Me har lært mykje om programvareutvikling, databehandling og maskinlæringsalgoritmar som me har fått bruk for i arbeidet her. Det gjer det også enklare å lære nye ting når ein har fundamentet på plass frå studiet, fortel Per Inge.
– Og sjølv om me ikkje har fått direkte nytte av økonomifaga, så gjer økonomikompetansen likevel at me heng meir med på avdelingsmøta, i tillegg til at eg får ein betre innsikt i SKL sin posisjon i samfunnsøkonomien, legg Øyvind til.
Verken Øyvind eller Per Inge har bestemt seg for kva dei vil jobbe med når dei er ferdig utdanna. Utdanninga er brei og opnar for karrieremoglegheitar i mange ulike bransjar og næringar.
– Eg vil prøve å få meg litt ulike internships dei kommande åra, for å sjå kva som pirrar meg mest, fortel Øyvind.
Per Inge, derimot, er freista til å peile seg inn mot kraftbransjen.
– Noko av det som er fint med sommarjobben i SKL er innblikket eg får i energisektoren, ein bransje eg synest er ganske spennande og interessant, fortel han.
Begge er i alle fall samstemte i at dei har lyst til å ha ein jobb der dei kan utgjera ein forskjell.
– Min overordna drøym er å ha ein høg stilling i eit selskap som har moglegheit til å gjera ein forskjell i stor skala, til dømes eit stort energiselskap eller IT-selskap, fortel Øyvind.
– Draumen er å væra med å utvikla noko nyskapande som er med på å gjera ein forskjell. Det å kunna bruka kunnskapen min til å laga noko som folk og samfunn kan dra stor nytte av, seier Per Inge.
Kan de komme på noko de synest folk bør vite om SKL som dei kanskje ikkje veit frå før?
– Størrelsen på SKL, at SKL totalt er eigar i 30 kraftverk rundt om i landet! Men endå kulare er det at SKL er det tiande største kraftlaget i landet, meiner Øyvind.
– Ja, eg var ikkje klar over at SKL var tiande største kraftprodusent i Noreg, det synest eg er ganske kult, svarar Per Inge.
Sommarvikarar i Matre og Etne
Me har hatt ungdommar i sving i Matre og Etne også i sommar. I Matre har Astrid Øyre, Johannes Bru Røssland, Samson Hatteberg, David Probert, Anders Haugland og Gaute Lyngnes Tungesvik hjelpt med å grave grøft frå lukehus til dam ved Midtbotnvatn, og lagt fiber og straum i røyr. Dei har dekka til kablar med torvsekker på Tverrelva kraftverk, og rydda småskog ved Opstveit. Ved Rabben har dei vaska vegger og asfalt, og ellers klippa plen, plukka stein og anna førefallande.
Håkon Ytrenes har vore stasjonert i Litledalen, der han og har klippa plen, fjerna busker og kratt, malt og vaska, og sådd på tippen på Hardeland.