I fyrste omgang er det mekaniske testar, der ein byrjar med sakte rotasjon og samstundes lyttar etter ulydar, sjekkar lager, smørjing og temperatur, vibrasjonsnivå, etc. Dette vart gjennomført i går og alt verkar å vera OK. Vidare skal vi i løpet av dei næraste dagane balansera aggregatet, gjennomføra varme-prøvar for lagera, samt ruseprøva der Blåfalli Vik skal opp i 517 o/min. Det er nærare 400 tonn roterande masse (tilnærma den same vekta som ein fullasta jumbojet)!
Etter at mekaniske testar er gjennomført skal vi vidare byrja med elektriske testar der vi blant anna skal gjennomføra statisk elektriske testar på rotor og statorvikling, generatormetting og stabilitetstestar, fase/synkroniseringstestar og lasttestar inkludert last avslag.
I løpet av sommarmånadane er det gjennomført eit imponerande stykke arbeid i Blåfalli Vik med samanstilling av generator og turbin. Våre eigne tilsette har stått på både seint og tidleg, og utan denne innsatsen ville vi ikkje vore kome så langt i dag. Vi hadde litt utfordring med oppretting av aggregatet og ein var nøydd til å slipa to gonger på sliperingen for å justera inn akselstrengen. Det meste av arbeidet som er utført er gjort av elektrikarar og mekanikarar frå SKL under leiing av generatormontør frå Canada og turbinmontør frå Sverige.
Planlagt ferdigstilling og oppstart prøvedrift er sett til laurdag 10. september.