Etter å ha mottatt naudsynte godkjenningar frå Konkurransetilsynet og NVE, gjennomførte Sunnhordland Kraftlag AS i går, 26. september 2024, kjøpet av 95% av aksjane i Midtfjellet Vindkraft AS, frå fond som vert forvalta av det tyske investeringsselskapet Aquila Capital.
Fjtjar Kraftlag SA kjøper seg samtidig opp til 5% eigarskap i selskapet.
Midtfjellet Vindkraft består av 55 turbinar med installert effekt på 150 megawatt og ein årleg produksjon på omlag 420 GWh.
Kjøpet er SKL sitt første innan vindkraft og er eit viktig steg for å veksa vidare, og nå mål om å auka produksjonen til 4 TWh årleg.
Transaksjonen inneber ein samla verdi på Midtfjellet Vindkraft (100%), utan gjeld, på 131,4 millionar euro.
SKL AS
Stord, 26. september 2024
For ytterlegare informasjon:
John Martin Mjånes, adm.dir, John.martin.mjaanes@skl.as tlf. 975 56 009
Knud Nagell Dahl, økonomisjef, knud.dahl@skl.as tlf. 975 56 190