Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt Sunnhordland Kraftlag AS utviding av løyvet til ei tidsavgrensa senking av Hardelandsvatn under lågaste regulerte vasstand (LRV).
For å betre flaumavleiinga frå magasinet, skal eksisterande overløpsdam rivast, og det skal byggjast ein ny dam med labyrintoverløp. I arbeidet som har vore gjort på dammen så langt vart det avdekka ein terskel som deler magasinet i to. Denne terskelen gjer at ein ikkje kan utnytta heile magasinet i senkingsperioden. For å betre kunne utnytta vatnet i magasinet vart det difor søkt om å senka vasstanden ytterlegare.
Løyvet frå NVE gir SKL moglegheit til å senka vasstanden med inntil 4,6 meter under LRV i delen av magasinet som ligg nedstrøms terskelen, frå 15. november til 28. februar 2025.
Frå før har SKL løyve til å senka heile magasinet til 1 meter under LRV. Det løyvet vart òg forlenga til 28. februar 2025.