Oppdatert 4. mai 2026
SKL har fleire utviklings- og vedlikehaldsprosjekt på gang i Kvinnherad. Her finn de oppdateringar om arbeidet som er viktig for allmenn ferdsle.
Har de noko å melda i samband med våre prosjekt, send e-post til melding@skl.as
- English: Information reg. building of Blåfalli Fjellhaugen power plant
- Deutsch: Informationen zum Bau des Kraftwerks Blåfalli Fjellhaugen
Blådalsvassdraget
Bommen på Ågotelv opnar etter vinteren 1. mai. Trafikantar må likevel framleis rekna med redusert framkome og mellombelse reguleringar:
- det er fartsavgrensingar på 30 km/t. i heile Blådalsvassdraget
- om kort tid blir det blir etablert høgdebegrensing på vegen, etter avkøyrsel til Fjellhaugen skisenter
- I enkelte periodar kan vegen bli heilt stengd i inntil eitt døgn i samband med særskilde anleggsoperasjonar eller risiko. Eventuelle stengingar vil bli varsla så langt det er mogleg på SKL si heimeside.
- Vegen til Vetrhus kan bli stengd på relativt kort varsel i fleire timer, frå begge sider
Ale som ferdast i området blir oppmoda til å følga skilting og anvisingar, og unngå unødvendig ferdsel. Det er smale vegar og mykje tung anleggstrafikk som ferdast på vegen.
Avgrensingane blir gjort på grunn av omfattande anleggsverksemd med tiløhyrande tryggleiksrisiko, knytt til bygging av Blåfalli Fjellhaugen kraftverk. I tillegg kjem fleire aktørar, som Fagne og Statnett, til å starta opp eiga, større anleggsoperasjonar i same området i løpet av våren 2026.
Onarheim kraftverk ved Husnes / Bremstølsvatnet
SKL byggjer Onarheim kraftverk ved Hellandselva. Det påverkar stien som ligg på nordsida av elva i arbeidsperioden.
Arbeidet starta i mai 2025 og no er mykje av røyra som ligg i bakken opp til boreholet lagt, og arbeidet med å bygga kraftstasjonen er i gang.
Det er lokale entreprenørar som utfører grunn- og betongarbeidet, og det elektriske og mekaniske arbeidet ved stasjonen.
I mai set Byggservice AS i gang med graving der inntaket til kraftverket skal ligga. Det skjer i elva nedanfor Bremstølsvatnet. Arbeidsområdet rundt inntaket vil bli gjerda inn og ferdsel i anleggsområdet er ikkje tillate. Arbeidet er planlagt å halda fram heile 2026.
Onarheim kraftverk skal ligga i nærleiken av Husnes vassverk og tilførsla av kjølevatn til Hydro sitt anlegg. SKL har erfaring med å drifta kraftverk som ligg attmed forsyning av drikkevatn frå før, og har nært samarbeid med både kommunen og Hydro for å sikra alle omsyn undervegs.
Kraftverket vil forsyna kraftnettet med ny fornybar straum tilsvarande bruken til over 1000 hushaldningar.
For spørsmål, kontakt prosjektleiar Jarle Kjellesvik: Tlf. 98 23 74 11 / Jarle.kjellesvik@skl.as

Kartet viser kor arbeidet skal gå føre seg. “Her står du” angir startpunktet på den nordlege ruta.






