Torsdag 1. september var det samla om lag 50 personar i SKL kurssenter for å sjå filmen presentert for fyrste gong. Både filmskaparen og Bjørn Arve Lunde frå museet var til stades. Folk frå Åkra, Matre og
Omvikedalen utgjorde størsteparten av dei frammøtte, og det var både unge og gamle i forsamlinga.
Filmen vart godt motteken, og fekk mykje lovord. Det er viktig å dokumentera historien på ein slik måte at den er lett tilgjengeleg for folk flest. Det gjer denne filmen. Så kan me håpa at dei 15 minuttane med
historieforteljing skapar interesse for å få vita meir.
Frå SKL har Kristin Skromme hatt ei sentral rolle for å få dette prosjektet vel i hamn. Ho fekk si fortente ros under samlinga.