Fredag 4. april har Kongen i statsråd gitt Sunnhordland kraftlag (SKL) løyve til å bygga Blåfalli Fjellhaugen kraftverk, i Blådalsvassdraget i Kvinnherad kommune.
– Det var ein svært god nyheit. Blåfalli Fjellhaugen er eit prosjekt me starta å jobba med i 2012 og som har vore søkt konsesjon om tidlegare. Me trakk søknaden forrige gang fordi forhold rundt økonomi og rammevilkår var for krevjande. No skal me setta oss godt inn i vilkåra departementet har lagt i konsesjonen og håpar utfallet blir ei investeringsavgjerd og bygging, seier Magne Andresen, myndigheitskontakt i SKL.
Blåfalli Fjellhaugen kraftverk er eit nytt kraftverk som vil forbetra produksjonen i dei eksisterande kraftverka i Blåfalli-anlegget. Kraftverket vil kunna gi 185 nye MW og ein samla auke på om lag 70 GWh per år. Det er eit såkalla effekt-kraftverk fordi det kan gi mykje kraft på kort tid. Det er spesielt gunstig fordi det balanserer det aukande innslaget av uregulerbar kraft frå sol og vind som vi har i kraftsystemet i dag.
I desember 2024 innstilte Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) positivt på at SKL skulle få konsesjon på prosjektet.
– Regjeringa skal ha ros for at dei prioriterer prosjekt som er viktige i kraftsystemet og har fått til rask sakshandsaming her, seier Andresen.
Med løyvet frå Energidepartementet fører SKL prosjektet inn i ein ny fase der ein oppdaterer kostnadstala for å finne ut om prosjektet lar seg realisera.