Mykje dugnadsinnstas ligg bak den flotte hytta. Eigar er “Interesselaget Varhaugselet”. Men som Ove Tvedt frå interesselaget sa under opninga; Dette hadde ikkje vore mogleg utan den gode hjelpa frå fleire støttespelarar. Han nemnde spesielt SKL, som har sytt for helikoptertransport, og kosta sikringshytta.
Ordførar Peder Sjo Slettebø, heldt ei kort helsing i høvet opninga. Også han gav stor ros til SKL for godt samarbeid.
I det fine haustveret koste folk seg storveges, og fekk også servert kulturelt innslag med saksofonspel frå Audun Tvedten, og til tonane hans dukka forsyne meg både Kjerringa med staven og ei hiuder opp bak nokre steinar!