Konsesjon til Tøsse Kraftverk

Konsesjon til Tøsse Kraftverk SKL Produksjon AS har  25.09.2015 fått konsesjon til å byggje ut Tøsse Kraftverk. Kraftverket utnyttar nedre del av Eikemoelva i Etne kommune. Kraftverket er planlagd med ein installasjon på 4,0 MW og ein årsproduksjon på 13,8 GWh.

Les meir

Senking av Opstveitvatn

Norges vassdrags- og energidirektorat har gjeve SKL Produksjon AS løyve til ei tidsavgrensa senking av Opstveitvatn i Matre i ein periode på 3 – 5 dagar innanfor tidrommet 15. juni – 15. august 2015. Vasstanden kan senkast inntil 2 meter under lågaste regulerte vasstand (LRV), dvs. den normale vasstanden i magasinet. Senkinga vert gjort i…

Les meir

Besøk frå Georgia

Tysdag 9. juni vitja ein Georgisk delegasjon SKL. Det var embetsmenn frå energidepartementet og miljødepartementet samt representantar for to miljøvernorganisasjonar. Besøket var eit ledd i deira studietur til Norge tilknytt eit samarbeidsprosjekt mellom Norge og Georgia med formål om berekraftig utbygging av vasskraft i Georgia. Delegasjonen vitja Gjønaelva kraftverk som er under bygging. Torfinn Kolle…

Les meir

Generalforsamling i SKL

I generalforsamlinga til SKL vart det den 20. april 2015 vedteke å betale ut 92.5 millionar kroner til eigarane for rekneskapsåret 2014. Dette er i tråd med innstillinga frå styret. Generalforsamlinga godkjende den framlagde rekneskapen for konsernet SKL for 2014. Den syner ei årsomsetning på 845 mill. kr, der konsernet oppnådde  eit resultat etter skatt…

Les meir

Folkemøte om Blåfalli Fjellhaugen

NVE inviterte tysdag 14. april til folkemøte om Blåfalli Fjellhaugen utbygginga. Dette er ein del av prosessen i konsesjonshandsaminga, der SKL har søkt om å få løyve til å byggja eit nytt stort kraftverk i Fjellhaugen-området. Kraftverket vil nytta fallet mellom Midtbotnvatn og Fjellhaugvatn. Installert effekt i det omsøkte kraftverket vil vera om lag 150…

Les meir

Åtvaring ved ferdsel i fjellet

Til alle som ferdast i SKL sitt nedslagsfelt i Fjellhaug- og Blådalsområdet. På regulerte elvar og vatn vil det alltid vera fare for område med ope vatn og utrygg is. Dette gjeld særleg ved inn- og utløpsosar, tappetunnelar, kraftstasjonar og liknande. Vidare kan det i reguleringssona liggja att isflak som det kan vera farleg å…

Les meir