I generalforsamlinga til SKL vart det den 20. april 2015 vedteke å betale ut 92.5 millionar kroner til eigarane for rekneskapsåret 2014. Dette er i tråd med innstillinga frå styret.
Generalforsamlinga godkjende den framlagde rekneskapen for konsernet SKL for 2014. Den syner ei årsomsetning på 845 mill. kr, der konsernet oppnådde eit resultat etter skatt på 124 mill. kr. Resultatet er 62 mill. kr lågare enn i 2013.
Driftsresultatet i 2014 vart 299 mill. kr mot 413 mill. kr i 2013. Av dette kjem 275 mill. frå kraftproduksjon.
Skattekostnad for 2014 er rekna til 146 mill. kr, mot 196 mill. kr i 2013.
Generalforsamlinga gav også sin tilslutnad til vidare arbeid med omstruktureringsprosessen mellom SKL og Haugaland Kraft, der intensjonen er å selja SKL si nettverksemd og marknadsaktivitetar til Haugaland Kraft frå 1.1. 2016, og at SKL kjøper Haugaland Kraft si produksjonsverksemd frå same dato. SKL vil då bli eit reint produksjonsselskap som skal utvikla forretningsverksemda si innan produksjon av fornybar energi. Det er planlagd ein emisjon i SKL, der eigarane tilfører selskapet 750 millionar kroner.
Hovudtal for konsernet SKL for 2014 (tal i mill MNOK)
Omsetning | 845 |
Driftsresultat | 299 |
Årsoverskot | 124 |
Utbyte | 92,5 |
Totalkapital | 3151 |
Eigenkapital | 1290 |
Soliditet (eigenkapital i % av totalkapital) | 40,9% |
SKL er eit regionalt energikonsern. I vasskraftanlegga våre produserer me nok straum til meir enn 100.00 husstandar. SKL eig og driv store delar av det overliggjande straumnettet i regionen mellom Bergen og Stavanger. I Stord kommuneeig SKL distribusjonsnettet for straum, fiberbasert breiband og naturgass.