SKL søkjer om løyve til bygging av Løkjelsvatn kraftverk i Etne kommune
SKL ynskjer å rehabilitera anlegga i Litledalen. Løkjelsvatn kraftverk er ei oppgradering og utviding av Litledalen og Hardeland kraftverk.
SKL ynskjer å rehabilitera anlegga i Litledalen. Løkjelsvatn kraftverk er ei oppgradering og utviding av Litledalen og Hardeland kraftverk.
NVE har gjeve Tverrelva Kraftverk AS løyve til mellombels senking av Mannsvatnet i Kvinnherad kommune.
SKL har gjennom Nydalselva Kraft AS sikra seg 50% eigarskap til Steinsvik Kraftverk i Dalsfjorden, Volda kommune i Møre og Romsdal.
Gratis utandørs konsert 11. juni med Eva & The Heartmaker og Matti Røsland
SKL er 70 år og me feirer med gratis konsert med folkekjære artistar laurdag 11. juni kl 15.00, framfor Husnes Storsenter.
I generalforsamlinga til SKL vart det den 18. april 2016 vedteke å betala ut 38 millionar kroner til eigarane for rekneskapsåret 2015. Dette er i tråd med innstillinga frå styret. Generalforsamlinga godkjende den framlagde rekneskapen for konsernet SKL for 2015. Den syner ei årsomsetning på 746 mill. kr, der konsernet oppnådde eit resultat etter skatt…
Tysdag 5. april var det gjennomslag i vasstunnelen i Tverrelva kraftverk i Uskedalen, Kvinnherad kommune.
Tunnelen er 690 m lang, og har ein diameter på 740 mm. Det er firmaet Norhard som har bora tunnelen med ein fullprofil boremaskin.
SKL har kjøpt 65 % av aksjane i Hardanger Kraft AS
Med verknad frå 1. april 2016 overtek lokale investorar naturgassverksemda til SKL. Det er viktig i eit lokalt og regionalt perspektiv. Dei nye eigarane overtek ei satsing SKL har hatt sidan 2007, der ein har utvikla og bygd infrastruktur for naturgass på Stord.
29. februar godkjende styret i SKL årsrekneskapen 2015 for konsernet SKL
SKL og Oktan Stavanger / Sydvest vann i helga Gullsild-prisen for beste nettstad i Markedsforeningen på Haugalandet. Gullsild er Haugesundregionens svar på den nasjonale konkurransen Gullfisken. Her vert beste bidrag innan marknadsføring og visuell kommunikasjon i regionen kåra. Me vann for årsrapporten 2014. SKL var nominert saman med Appex, Karmsund Havn, Odd Hansen, Tidsmaskinen.no og ZGoat.
Nettselskapa i SORIA-samarbeidet har signert avtale med Nuri Telecom LtD (Nuri) om kjøp av kommunikasjonsutstyr og automatiske straummålarar til over 700 000 kundar. Avtalen har ein verdi på rundt 600 millionar kroner. Samstundes er det inngått montasjeavtalar med Eltel Networks AS, Ringeriks-Kraft Service AS og OneCo Technologies AS for 800 millionar kroner.
Energi- og miljøkomiteen på Stortinget ber regjeringa om å leggja frem ein plan for varig sikring av
Opovassdraget, inkludert bygging av ein vanntunnel og eit nytt kraftverk.
NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) har behandla søknaden frå SKL om bygging av Blåfalli Fjellhaugen kraftverk, og gjev i si instilling til OED (Olje- og energidepartementet) råd om at dei samla fordelane ved ei slik utbyggjing er klart større enn ulempene for allmenne og private interesser. Saka vert med dette sendt over til Olje- og energidepartementet…