NVE inviterte tysdag 14. april til folkemøte om Blåfalli Fjellhaugen utbygginga. Dette er ein del av prosessen i konsesjonshandsaminga, der SKL har søkt om å få løyve til å byggja eit nytt stort kraftverk i Fjellhaugen-området.
Kraftverket vil nytta fallet mellom Midtbotnvatn og Fjellhaugvatn. Installert effekt i det omsøkte kraftverket vil vera om lag 150 MW, og total produksjon er rekna til 325 GWh, av dette er 70 GWh ny produksjon.
Vi du lesa meir om konsesjonssøknaden, kan du gå til denne lenkja hjå NVE:
https://.nve.no/no/Konsesjoner/Konsesjonssaker/Vannkraft/?soknad=7383&type=11
Det var 23 frammøtte til møtet i Dalheim, Omvikdalen. Her vart møtedeltakarane orientert frå NVE si side om konsesjonsprosessen og SKL orienterte om prosjektet
Etter litt mat og kaffi vart det opna for spørsmål og kommentarar frå salen. Fleire av dei frammøte uttrykte si tilslutning til at dei ynskjer utbygginga velkommen, og gav ros til SKL for den rolla selskapet har hatt i Matre- og Blådalsområdet.