Heidi Straumsøy (26) frå Skånevik tok stolt imot utdanningsstipendet på kroner 25 000,- frå Magne Heimvik, konsernsjef SKL og Jostein Osvik, president i Stord Rotary
Føremål med utdanningsstipendet, som vert delt ut årleg, er å stimulera ungdom til aktivitet for å få eit meir variert yrkesliv i Sunnhordland.
Stipendet skal nyttast til å skaffe kunnskap som er tenkt brukt til å starte eiga verksemd eller vera med å bidra til etablering av verksemd, eller vidareutvikling av eksisterande verksemd.
Heidi held for tida på med bachelorgraden si i nyskaping og samfunnsutvikling ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Klepp.
– Dette betyr utruleg mykje for meg. Med stipendet kan eg realisera draumen er har om å byggja hundepensjonat på garden i Skånevik, som eg etter planen skal overta i år, seier den nøgde prisvinnaren.
Heidi fortel at ho ynskjer å nytta stipendet til å skaffa seg kunnskap slik at pensjonatet kan vera i drift til neste sommar, ho vil også utvikle drifta på garden med, open gard, nyskaping av nye arbeidsplassar er også ein del av planen.
– Det er ei stor æra å dela ut prisen på den 25. utdanningsmessa på Stord. Juryen, beståande av SKL og Stord Rotary, seier at årets vinnar representerer mangfaldet, og ønskjer å etablere eiga næring på garden i Skånevik. Vidare vil ho dela sin kompetanse med andre, seier Heimvik. Vinnaren er også ein svært aktiv medspelar på heimstaden sin gjennom lag og organisasjonar mellom anna i speidaren.