Har du tenkt over at utan straum ville me korkje hatt mobiltelefon, elektrisk oppvarming, opplyste gater eller moderne sjukehus? Og at fornybar, utsleppsfri kraftproduksjon er ein viktig del av klimaløysinga? Over heile verda vert det investert i fornybar energi for å redusera fossile utslepp.
I år er det 130 år sidan Norges første kraftverk med privatkundar startet opp på Laugstol Brug i Skien. Sidan den gong er det bygd ut vass- og vindkraftverk over heile Norge for å sikre at me alle får den straumen me treng i kvardagen.
Straum er viktig i dag – og endå endå viktigare i morgon. Difor vert Straumens dag markert både i Norge og resten av Norden fredag 23. januar.
Del din #strømglede – vinn iPad mini!
Kva er din elektriske favoritt? Kaffitraktaren på kjøkenbenken? Varmekablane på badet ein tidleg vintermorgen? Verktøyet som gjer jobben din så mykje enklare? TV-en med “gullrekka” på fredagskvelden? Eller kanskje har du eit elektrisk apparat du ikkje kan leva utan?
Ta bilete av deg sjølv med din elektriske favorittdings, skriv ei kort forklaring og del den med emneord #strømglede på Instagram eller på facebook.com/strommensdag innan utgangen av 23. januar.
Beste bilete vert premiert med ein iPad mini 3, medan 10 vinnarar får ei smart batteripakke med reservestraum til mobilen.
Visste du forresten dette?
- Norske forbrukarar kjøper over 10 millionar elektriske apparat kvart år
- 98 prosent av norsk straumproduksjon kjem frå klimavenleg vass- og vindkraft
- Det kostar mindre enn fem kroner i året å lada ein smarttelefon to timar kvar einaste dag
- Det norske kraftnettet er så langt at det rekk nesten åtte gonger rundt ekvator
- 15 000 menneske jobbar hver dag for å sikre at me alle får den straumen me treng