Etter ei årsomsetning på 845 mill. kr, fekk konsernet SKL i 2014 eit resultat etter skatt på 124 mill. kr. Resultatet er 62 mill. kr lågare enn i 2013.
Driftsresultatet i 2014 vart 299 mill. kr mot 413 mill. kr året før. Av dette kjem 275 mill. frå kraftproduksjon.
Skattekostnaden for 2014 er rekna til 146 mill. kr, mot 196 mill. kr i 2013.
Rekneskapen for 2014 syner omsetning på 845,1 mill. kr. for konsernet. Resultat før skatt er 269,2 mill. kr.
Konsernresultatet samla er noko svekka i forhold til 2013, og endringa skriv seg særleg frå følgjande høve: Større produksjon, men lågare kraftpris, reduserte dekningsbidrag for produksjon med til saman 30,8 mill. kr (inkludert resultat frå småkraftsatsinga)
Lågare inntektsramme i 2014 enn 2013 gav ein reduksjon på dekningsbidraget frå nettverksemda med 50,9 mill. kr. Det er fleire årsaker til dette, særleg:
Lågare kostnadsgrunnlag og lågare avkastning på kapitalen (NVE-rente).
Kraftproduksjonen i SKL sine anlegg var i 2014 1976 GWh, som er 16,6% over midlare produksjon. I 2013 var produksjonen 1760 GWh.
Gjennomsnittleg pris for området på kraftbørsen Nordpool var 22,8 øre per kWh, mot 29 øre per kWh året før.
SKL har eit omfattande sentral- og regionalnett i Sunnhordland og på Haugalandet, samt distribusjonsnettet i Stord kommune. Dette er det nest største forretningsområdet i konsernet. Dei ulike nettnivåa har god leveringstryggleik.
Dei nye forretningsområda breiband, naturgass og småkraft er i positiv utvikling, og dei er møtt med stor interesse imarknaden. Breiband har fin vekst, gode resultat og har ved utgangen av 2014 4.500 kundar. Det er bygd ut 25 km røyrleidning for distribusjon av naturgass. På Heiane har SKL, i samarbeid med Hordaland Fylkeskommune, etablert hurtigladestasjon for EL-bilar.
Det har vore stor investeringsaktivitet i eigne varige driftsmidlar, samla 112 mill. kr, herav 43 mill. i SKL Produksjon og tilhøyrande småkraftselskap, 55 mill. i SKL Nett og 14 mill. i øvrige aktivitetar.
SKL sitt småkraftengasjement har ei omfattande kontraktsportefølje med samla produksjonspotensiale på over 400 GWh. Totalt er sju småkraftverk sett i drift, eitt er under bygging ved utangen av året.
Det vart i 2014 sendt konsesjonssøknad for eit nytt stort kraftverk i Blådalsvassdraget (Blåfalli Fjellhaugen).
SKL har sidan 2002 vore IA- bedrift og gjennom NAV hatt avtale om Inkluderande Arbeidsliv. Erfaringane med dette samarbeidet er svært gode, og det er etablert ein livsfasetilpassa personalstrategi med heilskapleg fokus på faktorane helse, motivasjon, kompetanse og livsfase. Sjukefråværet var i 2014 på 2,9 %.
Konsernet SKL består av Sunnhordland Kraftlag AS (morselskap), SKL Produksjon AS, SKL Nett AS, SKL Marked AS samt totalt 4 konsoliderte småkraftselskap.
Konsernet sin soliditet er god. Eigenkapitaldelen på 40,9 % av bokførte historiske verdiar gir ei sunn finansiering av konsernet sine anleggsmiddel. Dei reelle verdiane i konsernet sine produksjonsanlegg er langt større enn dei bokførte verdiane. Eigenkapitalen er forsvarleg ut frå risiko ved og omfang av verksemda i konsernet.
Årsrekneskapen vart handsama i styret 2. mars 2015. Styret tilrår ovanfor generalforsamlinga ei utbetaling til aksjonærane på 92,5 mill. kr. Generalforsamlinga vert halden 20. april.
KONTAKTPERSONAR
Konsernsjef Magne Heimvik 53 49 60 00 / 97 55 60 65
Økonomisjef Knud Nagell Dahl 53 49 60 00 / 97 55 61 90