Godt resultat for SKL første halvår 2024
Sunnhordland kraftlag (SKL) sin halvårsrapport viser eit driftsresultat på 232,2 millionar kroner etter skatt for første del av 2024. I fjor var tilsvarande resultat på 330,4 millionar kroner.
Snittprisen i prisområdet SKL har mesteparten av straumproduksjonen, NO2, var 62,9 øre/kWh, medan i tilsvarande periode i 2023 var den 107,0 øre/kWh. Kraftmarknaden har i aukande grad vore påverka av uregulert kraftproduksjon i 2024. Det har gitt variasjon i prisane, også negative prisar.
– Dette er eit godt halvårsresultat, det tredje beste i SKL sin historie. Kraftprisane var framleis høge første halvår i år, men dei nærmar seg meir og meir prisnivåa me hadde før kraftpriskrisa i 2022. Det er bra for næring og privatpersonar. Resultatet reflekterer òg den gode drifta vår. Me har jamt god innsats og kompetanse hos våre tilsette. Anlegga vert halde godt ved like og er i stand til å produsera når det trengst, me disponerer vassmagasina klokt og me har lågt sjukefråvær, seier John Martin Mjånes, administrerande direktør i SKL.
SKL gjorde investeringar på 129,4 millionar kroner første halvår 2024, i tillegg til finansielle investeringar og utlån i andre selskap på 42,6 millionar kroner. Løkjelsvatn Kraftverk i Etne, som har vore under bygging sidan 2018, vart sett i prøvedrift i juni. Kraftverket erstattar produksjonen frå tre aggregat i to kraftverk og er venta å gi netto ny produksjon på 20 GWh, samtidig som det doblar effekten i anlegget til 60 MW.
Ein kombinasjon av fleire kraftstasjonar i drift, auke i tilsette og generell prisstigning har auka lønn og driftskostnadane til SKL. Dei utgjorde 85,3 millionar kroner første halvår, mot 72,4 millionar kroner året før. Med bortfallet av «Avgift på kraftproduksjon», det såkalla høgprisbidraget, gjekk totale driftskostnadar ned til 304,6 millionar kroner, mot 431,4 millionar kroner i tilsvarande periode i 2023.
Fakta om Sunnhordland kraftlag AS (SKL):
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er eit konsern innan produksjon- og utvikling av fornybar vasskraft, med hovudkontor og driftssentral på Stord.
Hovuddelen av kraftproduksjonen og driftsmiljøet er lokalisert til Matre i Kvinnherad kommune, der fleire stasjonar nyttar vassressursane i Blådalsvassdraget. SKL har òg ei driftsavdeling i Litledalen i Etne kommune tilknytt Litledalen og Hardeland Kraftverk.
I tillegg til kraftverka i Blådalsvassdraget og Litledalsvassdraget, eig og driv SKL Eikelandsosen kraftverk i Fusa, Rødne Kraftverk i Vindafjord, og fem småkraftverk i Kvinnherad, Tysvær og Stord.
Småkraftsatsinga skjer hovudsakleg i eigne dotterselskap og tilknytt selskap. I konsernet inngår 13 småkraftverk i eigne selskap. 12 av desse har kraftverk i drift med ein total midlare kraftproduksjon på 142 GWh, og eitt kraftverk på 10 GWh er under bygging. Gjennom tilknytt selskap har SKL eigarskap i ti småkraftverk med midlare produksjon på 135 GWh.
SKL er også medeigar i Sima kraftverka (8.75%) i Eidfjord og Ulla Førre kraftverka (2,54%) i Rogaland og Aust-Agder. Midlare kraftproduksjon i stasjonane er 2 440 GWh inkludert konsoliderte småkraftverk (kraftverk SKL eig meir enn 50% i).
Selskapet deltar også i kraftproduksjon i Sauda gjennom eigardel på 15 % i AS Saudefaldene.
SKL sin kraftproduksjon ligg i all hovudsak i Vestland og Rogaland fylke.