Olav Gunnar Hjelmeland og Linda Øen stod for den offisielle opninga, ved å saga av ein gamal skistav!
Hjelmeland har vore med frå starten i 1987. Han har lagt ned eit kolossalt dugnadsarbeid opp gjennom åra. Ikkje minst gjennom det utrøytelega arbeidet han gjer med å halda skiløypene vel preparerte.
Styreleiar Karin Thauland i Fjellhaugen Skisenter AS er stolt over det nye bygget, på 130 kvadratmeter. I tillegg til ei varmestove på rundt 90 kvadratmeter rommar bygget vaskerom, eit teknisk rom, tre toalett og kjøken.
– Me har fått eit fantastisk bygg. No har vi eit anlegg for alle, også for folk som berre vil følgja ungane sine opp til skisenteret.
Mellom dei mange som helsa skisenteret til lukke med nybygget var Knut Riise, den første styreleiaren, tydeleg på kor viktig det er med det gode samarbeidet mellom Skisenteret, Kvinnherad kommune og næringslivet, i tillegg til alle dei tusenvis av dugnadstimar som er lagt ned. Han trekkjer spesielt fram SKL som har vore ein uvurderleg støttespelar heilt frå starten av.
– Utan den støtta vi har hatt frå SKL, hadde det vore uråd å driva dette skisenteret, konkluderte Riise.