Statnett har no, i nært samarbeid med SKL, starta kartleggjinga av kva for tiltak som kan verta aktuelle i sentralnettet i dette området. I første rekkje ser ein på korleis kapasiteten i den såkalla SKL-ringen mellom Husnes, via Stord og Spanne til Håvik, samt mellom Sauda og Kårstø/Håvik, kan aukast. I tillegg til å oppgradera dei leidningane som går der i dag, vil ein og vurdera om det kan verta naudsynt å byggja ein heilt ny leidning.
-Me treng den kunnskapen SKL har om lokale tilhøve i arbeidet for å finne gode løysingar. Vi veit SKL har hatt eit godt samarbeid med lokale myndigheiter i mange år og er glad for at foretaket vil bidra med kompetansen sin når vi no skal auka kapasiteten i nettet, seier konserndirektør Håkon Borgen i Statnett.
-Det er heilt avgjerande for næringsutviklinga i regionen at overføringskapasiteten for kraft vert auka, og vi ser det som ein del av oppdraget vårt å stilla kompetansen vår til disposisjon i eit så viktig høve som dette, seier konsernsjef Magne Heimvik i SKL.