SKL sin beredskapsorganisasjon er framleis mobilisert. Dei fleste kundane har fått straumen tilbake, men diverre er det framleis kundar som er straumlause i områda: Agdestein, Lundsseter og Huglo, desse er i all hovudsak fritidsbustadar. Nokre av innbyggjarane får, på grunn av, skade på kabel/linjer framleis strømforsyning via aggregat, dette gjeld om lag 60 kundar i Hadlabrekko og Fjellstova på Stord. Stord vatn og avløp sitt vasshandsamingsanlegget Lundsæter er tømforsynt via aggregat. Linjemontørane våre har arbeidd hardt, natt og dag. Dei arbeider framleis med full styrke, dag og kveld, for at alle kundar som er straumlause så raskt som mogleg skal få straumen tilbake. Arbeidet dei har gjort, med orkan i kasta og flygande gjenstandar kring seg, imponerer! Det er grunn til å ta av seg hatten for motet, fagkunnskap, kameratskap og evna til å halde ut når det stormar som mest. Det er svært gledeleg at vi ikkje har registrert personskader – det vitner om at sikkerheten kjem først! Det er framleis mykje arbeid som gjenstår med å rydde ustabile tre som står i nærleiken av distribusjon- og regionalnett. Det kan kome meir vind, lyn og torden i dagane som kjem. Summen av innsatsen hjå alle som er med i SKL sitt beredskapsarbeid, gjer at vi lukkast! Vi vil også takke kundar for tolmod og viktig informasjon om feil de har observert.
Share this post