I SKL -byggget på Leirvik, og i SKL Kurssenter i Matre har representantar frå idretts- og kulturlivet i regionen møtt SKL, og fått litt informasjon om konsernet, samstundes som me har lært litt om deira aktivitetar. Dei ulike laga har og hatt høve til å treffa kvarandre, og utveksla erfaringar.
I SKL er me opptekne av at sponsormidlane våre vert nytta godt. Det får me eit bestemt inntrykk av etter desse samlingane.
Retningslinjene for sponsortildelingar er som fylgjer:
Framtida er avhengig av at born og unge med draumar og talent får utvikle seg. SKL bidreg til at vi skal ha nokon å sjå opp til, nokon som kan og vil mykje, og som gjev oss gode opplevingar.
SKL stiller høge krav til tillit, respekt og lojalitet. Sponsorsamarbeidet skal støtte konsernet sine kjerneverdiar der aktivitetar skal byggje på samfunnsansvar, kundeorientering og løysingsfokus.
SKL vil gje noko tilbake til samfunnet som har gitt oss høve til å forvalte naturressursar og viktig infrastruktur. Samarbeidet skal gje dei unge høve til å nå nye mål, og presentere SKL som ein aktiv og regional aktør.
SKL ynskjer hovudsakeleg å bidra til at born og unge får anledning til å utvikle sine talent, enten det er på scena eller på idrettsbanane, innan natur og miljø eller (fag)kunnskap.
Det kan søkjast om støtte innanfor følgjande områder:
Idrett
Kultur
Realfag
Natur og miljø
Søknadsfrist årleg innan 28. februar. Søknader vert registrert i perioden frå 1. november og fram til søknadsfristen.
Alle søknadar får svar årleg innan 1. april.