ÅRSREKNESKAP 2015 FOR KONSERNET SKL
Etter ei årsomsetning på 745,7 mill. kr, fekk konsernet SKL i 2015 eit resultat etter skatt på 51 mill. kr. Resultatet er 72 mill. kr lågare enn i 2014.
Driftsresultatet i 2015 vart 131 mill. kr mot 299 mill. kr året før. Av dette kjem 151 mill. frå kraftproduksjon.
Skattekostnaden for 2015 er rekna til 80 mill. kr, mot 147 mill. kr i 2014.
Konsernresultatet samla er svekka i forhold til 2014, og endringa skriv seg særleg frå følgjande høve:
Mindre produksjon, og lågare kraftpris, reduserte dekningsbidrag for produksjon med til saman 171 mill. kr. Kraftproduksjonen i SKL sine anlegg var i 2015 1574 GWh, som er 7,1% under midlare produksjon. I 2014 var produksjonen 1976 GWh.
Hovudvolumet av kraft vert seld til løpande spotpris på kraftbørsen Nordpool. Prisen i vårt område var i 2015 17,6 øre/kWh (år-snitt) mot 22,8 øre/kWh i 2014.
Inntektsramma frå nettverksemda vart høgare enn i 2014 grunna høgare kostnadsgrunnlag. Men store kostnader knytt til «ikkje levert energi» (KILE) gav eit fall i dekningsbidrag målt mot 2014. Avkastinga på nettkapitalen vart marginal positiv, mot 2,6% i 2014.
Forretningsområdet Breiband hadde eit godt resultat og ein vekst på 7,5% i kundemassen.
Det har vore stor investeringsaktivitet i eigne varige driftsmidlar, samla 138 mill. kroner, med 59 mill. i SKL Produksjon og tilhøyrande småkraftselskap, 65 mill. i SKL Nett og 14 mill. i øvrige aktivitetar.
SKL sitt småkraftengasjement har ei omfattande kontraktsportefølje med samla produksjonspotensiale på over 400 GWh. Totalt er sju småkraftverk sett i drift, og 3 er under bygging ved utangen av året.
SKL har sidan 2002 vore IA- bedrift og gjennom NAV hatt avtale om Inkluderande Arbeidsliv. Erfaringane med dette samarbeidet er svært gode, og det er etablert ein livsfasetilpassa personalstrategi med heilskapleg fokus på faktorane helse, motivasjon, kompetanse og livsfase. Sjukefråværet var i 2015 på 2,5 %.
Konsernet SKL består av Sunnhordland Kraftlag AS (morselskap), SKL Produksjon AS, SKL Nett AS, SKL Marked AS samt totalt 4 konsoliderte småkraftselskap.
Konsernet sin soliditet er god. Eigenkapitaldelen på 57,3 % av bokførte historiske verdiar gir ei sunn finansiering av konsernet sine anleggsmiddel. Dei reelle verdiane i konsernet sine produksjonsanlegg er langt større enn dei bokførte verdiane. Eigenkapitalen er forsvarleg ut frå risiko ved og omfang av verksemda i konsernet.
Med verknad frå 01.01.2016 har SKL blitt eit reindyrka selskap innan kraftproduksjon. Omstruktureringa har skjedd gjennom ein avtale med Haugaland Kraft AS om å kjøp og sal av verksemdområde. Transaksjonen inneber eit betydeleg byte av aktiva der SKL si nett- og marknadsverksemd vert seld til Haugaland Kraft og SKL overtek Haugaland Kraft si produksjonsveksemd. Reindyrking, spissing og fokus på kjerneverksemd vert viktig framover for å sikra strategien til selskapa om framleis vekst og utvikling.
Årsrekneskapen vart handsama i styret 29. februar 2016. Styret tilrår ovanfor generalforsamlinga ei utbetaling til aksjonærane på 38 mill. kr. Generalforsamlinga vert halden 18. april.
KONTAKTPERSONAR
Konsernsjef Magne Heimvik 53 49 60 00 / 97 55 60 65
Økonomisjef Knud Nagell Dahl 53 49 60 00 / 97 55 61 90