Earth Hour er ei global hending som skal setja fokus på klimaendringane me er i ferd med å påføra oss sjølve. Ei undersøking som er gjort av WWF i samband med Earth Hour syner at folk over heile verda i stadig større grad er oppteken av klimaendingar og miljøøydeleggingar. Og dei som er mest uroa er kinesarane! Der er miljøydeleggingar heilt øverst på bekymringsskalaen, med klimaendringar som nummer 2. På 3. plass finn ein uro for økonomisk krise. I den vestlege verda er det stort sett uro for terrorhandlingar folk er mest opptekne av, men på topp tre finn ein uro for klimaendringar.
SLÅ AV LYSET 1 TIME LAURDAG 19. MARS!