SKL sette, med god margin, produksjonsrekord i 2017. I eigne anlegg inkludert deleigde småkraftverk og Sima og Ulla Førre produserte me 2 647 GWh, som er monaleg meir enn normalproduksjonen for desse anlegga på om lag 2 300 GWh. I tillegg til denne produksjonen kjem også våre finansielle eigarskap gjennom produksjonen i Saudafaldene og anlegga knytt til Nydalselva som til saman utgjer rundt 300 GWh. Til saman er dette nok straum til om lag 150.000 husstandar, eller ca 400.000 menneske.
Me takkar alle som har gjort ein kjempejobb med å halda anlegga våre i drift og tilgjengelege for produksjon gjennom året, og også alle som arbeider med å skaffa oss nye produksjonsanlegg gjennom nybygg og kjøp.I tillegg var sjølvsagt 2017 også eit uvanleg godt år i høve nedbør.
Me er stolte av å vera med å sikra meir energi produsert på evigvarande, rein og fornybar vasskraft.