SKL leverer i desse dagar halvårsmelding for dei fyrste seks månadene av 2022. Me leverer eit resultat me aldri har vore i nærleiken av å sjå før. Likevel står ikkje jubelen i taket, for me veit at mange privatpersonar og lokale verksemder står i ein fortvilande situasjon.
Det er samansette grunner til at vatnet som renn ned gjennom Etne- og Kvinnheradsfjella og forbi stiane me går turar på, kan bli til så dyr straum at naboar og kollegaar slit med å betala for han. Og det kan vere vanskeleg å forstå kvifor prisane i Noreg må vere kopla til eit Europa som står midt i ei djup energikrise.
Sidan 1990-tallet har Noreg vore ein del av ein felles nordisk og europeisk kraftmarknad. Utanlandskablar har me har hatt sidan 60-talet. Det har tent oss godt, fordi me i Noreg baserer energibruken vår på vasskraft. Mengda produsert energi frå vasskraft varierer mykje frå år til år. Tilgangen til den europeiske marknaden har difor sikra at me får den straumen me treng også i «tørre» år. Og kanskje minst like viktig: han har òg sørgt for at me har utvikla og bygd ny fornybar energi.
Men marknadstilgangen gjer at det europeiske prisnivået påverkar straumprisane våre. Slik har det vore i lang tid, men det merkast best når dei europeiske prisane er høge. Når magasina i Sør-Noreg no ligg på lågaste nivå på 20 år, vert effekten forsterka, og prisane skyt gjennom taket.
Situasjonen no er heilt ekstraordinær. Det er opplagt at me ikkje kan leva med det prisnivået me har på straumen i dag, men dei akutte utfordringane som prisane skapar for samfunnet må løysast med målretta tiltak. Fellesskapet har store ekstrainntekter som følgje av dei høge energiprisane og det er viktig at desse blir omfordelt på ein god måte. Me treng gode støtteordningar i ein overgangsperiode, både til privatkundar, levedyktige verksemder, lag og organisasjonar.
Dei høge prisane skuldast mangel på kraft, ikkje feil ved kraftsystemet. Difor er det viktig å ikkje hoppa på enkle, kortsiktige løysingar som kan forverra situasjonen eller øydeleggja eit godt kraftsystem. Systemet sikrar både offentleg eigarskap, inntekter til fellesskapet, opne konsesjonsprosessar og god ressursutnytting gjennom kraftmarknaden. For å utvikle framtidig næring, sikre arbeidsplassar, og for vår felles kamp for klimaet treng me meir kraftproduksjon gjennom auka vasskraft, sol, vind til havs og vind til lands. Og me treng at det vert bygd eit robust nett i heile Noreg slik at straumen kan flyta dit den trengs mest.
Me ser allereie no at resultatet for 2022 etter alle solemerke også kjem til å bli høgt. Dei gode resultata og høge skattekostnadane SKL får, kjem fellesskapet til gode. Me skal gjera det me kan gjera noko med: utvikla og drifta kraftanlegga og forvalte vassdraga på ein ansvarsfull og god måte. Me byggjer på to kraftverk og me har fleire planlagd. Me har store planar for dei kommande åra og skal halda fram med å byggja meir kraftproduksjon. Det er viktig for oss og for samfunnet. Aldri har det vore viktigare å halda i gang dei kraftverka me eig og drifta dei godt, og å byggja nye.
John Martin Mjånes,
administrerande direktør i Sunnhordland kraftlag AS (SKL)