Oppdatering: Vasstanden i Løkjelsvatn er noko lågare enn vanleg, og kan vere det i periodar fram til 15. oktober, grunna vedlikehald.
Me har løyve frå NVE til mellombels å avvika frå lågaste regulerte vasstand, i samanheng med at me skal støypa og etablera eit nytt bjelkestenge i vatnet foran tilløpstunnellen.
Noko misfarga vatn kan førekoma som følgje av erosjon og avrenning av lausmassar i reguleringssona. Ei slik misfarging vil også kunna sjåast i Hardelandsvatn og Litledalsvatn.