ÅRSREKNESKAP 2020 FOR KONSERNET SKL
Etter ei årsomsetning på 344,4 mill. kr, fekk konsernet SKL i 2020 eit resultat etter skatt på 2,9 mill. kr. Resultatet er 266,5 mill. kr svakare enn i 2019, og er eit resultat av svært låge kraftprisar.
Året 2020 vart eit spesielt driftsår. Koronaviruset vart frå mars månad ei utfordring for normal drift. Mange tilsette har hatt heimekontor i store delar av året, og driftspersonell har handtert smittefaren på ein framifrå måte, men med store omleggingar i dei daglege rutinane.
Det kom svært mykje nedbør i 2020, og kombinert med store snømagasin frå vinteren vart det eit stort overskot av vatn i mange vassdrag, eller i den hydrologiske balansen som er eit meir presist uttrykk. Når det er meir vatn enn ein kan halda på i magasina, vert det press på kraftprisen. I SKL sitt område (NO2) var gjennomsnittsprisen for heile året 9,8 øre/kWh. Det er den lågaste gjennomsnittsprisen for straum på 20 år. I juli fekk me for første gong negativ kraftpris i ein time.
Produksjonen i 2020 vart på totalt 2465 GWh i SKL. Det er 167 GWh eller nesten 7,3 % meir enn det som er rekna som middels produksjon. Dei konsoliderte småkraftverka hadde ein produksjon på 99 GWh. Dette er 14 GWh høgare enn midlare produksjon, og skuldast i hovudsak den våte og milde vinteren.
Magasininnhaldet ved inngangen til 2020 var 150 GWh lågare enn ved utgangen. Total nedbør i Matre vart 4 032 mm (42 % høgare enn normalt) mot 2888 mm i 2019.
Totalt vart dekningsbidraget av kraftomsetninga for 2020 286,6 mill.kr mot 800,5 mill.kr i 2019 (Sal energi fråtrekt kjøp energi) i konsernet. I tillegg oppnådde ein eit resultat frå sal av sertifikat og garantiar på 14,1 mill.kroner mot 20,5 mill.kroner i 2019.
Hovudvolumet av kraft vert seld til løpande spottpris på kraftbørsen Nordpool. Oppnådd pris på fritt omsetteleg kraft i SKL vart 10,7 øre/kWh mot 39,7 øre/kWh i 2019. Tilsvarande tal for dei konsoliderte småkraftverka var 8,5 øre/kWh. Skattekostnaden for 2020 er rekna til 32,7 mill. kr, mot 325,6 mill. kr i 2019. I tillegg betalte SKL eigedomskatt og konsesjonsavgift med 51,9 mill.kroner.
Samla investeringar for konsernet utgjer 258,1 mill. kr. Av dette utgjer 159,5 mill.kr utbygging av Løkjelsvatn Kraftverk i Litledalen i Etne for å erstatte gamle anlegg. Det er også nytta 76,9 mill.kr i samband med 4 småkraftverk som er under utbygging. Resterande har i hovudsak gått til reinvesteringar i eksisterande anlegg.
Konsernet Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er eit reindyrka konsern innan produksjon- og utvikling av fornybar vasskraft.
SKL sin kraftproduksjon ligg i all hovudsak i Hordaland- og Rogaland fylke. Hovuddelen av kraftproduksjonen og driftsmiljøet er lokalisert til Matre i Kvinnherad kommune, der fleire stasjonar nyttar vassressursane i Blådals-vassdraget. SKL har også ei driftsavdeling i Litledalen i Etne kommune tilknytt Litledalen- og Hardeland kraftverk. I tillegg eig og driv SKL Eikelandsosen kraftverk i Fusa, Rødne kraftverk i Vindafjord, Bordalsbekken i Tysvær og to mindre stasjonar på Stord. SKL er også medeigar i Sima kraftverka (8.75%) i Eidfjord og Ulla Førre kraftverka (2,54%) i Rogaland og Aust Agder. Midlare kraftproduksjon i stasjonane er 2 298 GWh.
Småkraftsatsinga skjer hovudsakleg i eigne dotterselskap og tilknytt selskap. I konsernet inngår også 13 småkraftverk i eigne selskap. 9 av desse har kraftverk i drift med ein total midlare kraftproduksjon på 86 GWh, og 4 kraftverk på totalt 73 GWh er under bygging. Gjennom tilknytt selskap har SKL eigarskap i 10 småkraftverk med midlare produksjon på 128 GWh.
Selskapet deltek også i kraftproduksjon i Sauda gjennom eigardel på 15 % i AS Saudefaldene.
Driftssentralen som overvaker og styrer produksjonsanlegga er lokalisert til Stord, som også er sete for hovudkontoret til selskapet.
I 2020 hadde SKL 3 skader hjå tilsette, som medførte fråvær, dette gav H1-verdi lik 31,7. Tilsvarande tal for 2019 var ingen skadar med fråvær og H1-verdi lik 0. Samla sjukefråvær var 5,3% mot 2,0 % i 2019.
Konsernet sin soliditet er god. Eigenkapitaldelen på 61,5% av bokførte verdiar gir ei sunn finansiering av konsernet sine anleggsmiddel. Dei reelle verdiane i konsernet sine produksjonsanlegg er langt større enn dei bokførte verdiane. Eigenkapitalen er forsvarleg ut frå risiko ved og omfang av verksemda i konsernet.
Årsrekneskapen vart handsama i styret 25. februar 2021. Styret tilrår ovanfor generalforsamlinga ei utbetaling til aksjonærane på 2 mill. kr. Generalforsamlinga vert halden 29. april.