Tirsdag 23. januar vert “Strømmens dag” markert for fjerde gong i Norge. I år set vi fokus på kor viktig straum er i kvardagen – og at den er rimeleg og utsleppsfri. Den er viktig i dag, og kjem til å bli endå viktigare i morgon for å løysa klimautfordringane.
Kva er din elektriske favorittdings?
Straum er ein stor del av kvardagen vår. Berre sjå for deg ein kald januardag utan varmt vatn i dusjen, ein kopp med kaffi på morgonkvisten eller lys i dei vintermørke gatene.
Det kan vera fint å reflektera litt rundt kva rolle straum har i eige liv. Energi Norge vil derfor vita hva du set mest pris på at er elektrisk – om det så skulle vera ein elektrisk dings, ei oppleving eller eit hjelpemiddel i kvardagen.
I veke 3 og 4 oppfordrar vi alle til å delta i konkurransen ved å publisera eit bilete av sin elektriske favorittdings på Facebook eller Instagram. Nytta emneordet #strømglede og du kan bli den heldige vinnaren av ein splitter ny elsykkel.
Straum løyser klimaproblema
Energi Norge jobbar no for at Norge skal ta ein global leiarposisjon som det første fornybare og fullelektriske samfunnet i verda.