I samband med arbeid med klassifisering av Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) sine damanlegg i Etnefjellet (Litledalsvassdraget), har SKL engasjert Norconsult AS til å utarbeide ein rapport om erosjonsfare langs vassdraget. Det planleggjast difor ei synfaring mellom Litledalsvatnet og Etnefjorden i desember eller januar med deltakarar frå Norconsult og SKL. Så langt det er mogleg vil ein gå langs elvekantane. Dersom det vert naudsynt å gå over privat eigedom for å komme fram til elva, vil ein gjere dette på ein omsynsfull måte. Der det er naturleg og mogleg, vil ein søkje å varsle grunneigarar på staden før ein går inn på private eigedommar.
Kontaktperson hos SKL: Sture A. Karlsen, mobil 975 56 064