Eitro Kraftverk AS er eit aksjeselskap som er eigd av SKL Produksjon AS (50,48%), Fusa Kraftlag SA (48,5%) og andre (1,02%).
Rundt 40 personar var samla rundt kraftverksbygget, med innbedne gjester frå eigarar og lokalbefolkninga. Ordførar i Fusa kommune, Hans Vindenes, trykte på startknappen til applaus frå dei frammøtte.
Etter opninga var det samling i Øvre Hålandsdalen Grendahus, der grendalaget sytte for betasuppe, kaffi og kaker. Administrerande direktør i Fusa Kraftlag, Bernt Grimstvedt, nytta i si helsing høvet til å takka samarbeidet mellom SKL og Fusa Kraftlag, samt alle leverandørar og ikkje minst grunneigarane som tilsaman har gjort det mogeleg å få til dette kraftverket. Heile 6 småkraftverk er det no i dalføret, og den samla produksjonen frå alle utgjer eit viktig tilskot både til den lokale kraftforsyninga, men også til den politiske målsetjinga om meir fornybar energi.
Adm. dir. Bernt Grimstvedt t.v. og prosjektleiar Ingar Lillefoss
Då tunellen stod ferdig var den lengst i sitt slag i verda, driven med denne teknologien.
Prosjektleiar for bygginga har vore Ingar Lillefosse (SKL). Han orienterte forsamlinga om utfordringar i byggeperioden. Terrenget er svært bratt, og det vart naudsynt å sjå etter utradisjonelle løysingar. Valet fall på å bora ein 745 m lang tunell i fjellet, med ny teknologi. Firmaet Norhard gjennomførte dette arbeidet på ein flott måte med svært lite inngrep i naturen. Då tunellen stod ferdig var den lengst i sitt slag i verda, driven med denne teknologien.
Ein rigg fullprofil-borar tunellen og den kan gå svært bratt tilverks. Høgdeskilnaden i dette tilfellet er heile 418 m. I etterkant er tunnelen fóra med stålrøyr, for å hindra av vasstrykket skal gjera skade på tunellen.
Ein av grunneigarane, Bjarte Skjelvan, skal stå for det daglege tilsynet med kraftstasjonen.
Borekruna er nett komen igjennom fjellet ved toppen av tunellen