SKL Produksjon AS har fått konsesjon til å byggja Håfoss Kraftverk i Etne kommune. Kraftstasjonen er planlagt til å gje 34 GWh i årleg middelproduksjon, noko som svarar til kraftforbruket til om lag 1.700 husstandar. For å realisere utbygging må ein finne ei god og økonomisk forsvarleg tilknyting til straumnettet.
SKL Nett AS har moteke NVE si innstilling til Olje og Energidepartementet om å gje konsesjon til å byggja ny 66kV linje mellom Rullestad og Blåfalli III. Ei slik linje er rett nok heilt avhengig av at den planlagde produksjonen i området kan finansiera ei slik utbygging. Nettselskapet er eit instrument for storsamfunnet for å gje både forbrukarar og produsentar av elektrisk energi gode og sikre nettløysingar. I dette tilfellet er det opplagt at det er produksjonen i området som må finansiera utbygginga. (Både SKL Produksjon AS og Rullestad og Skromme Energi AS med fleire har fått konsesjon til å byggja kraftstasjonar i området)
Sjå NVE si heimesida for meir informasjon om konsesjonane under «konsesjonsnyheter»
https://.nve.no/no/Nyhetsarkiv-/Konsesjonsnyheter1/Tilrading-til-OED-og-loyve-til-nye-vasskraftverk-og-ny-kraftleidning-i-Hordaland-/