Uvêret som er varsla for vestlandet 10. januar gjer at SKL er ekstra på vakt, og er klar til å setja inn ressursar om det vert naudsynt.
Me vonar at kundane våre ikkje skal oppleva straumbrot, men når naturkreftene viser musklar må me vera budde på at me får situasjonar der straumen kan bli borte.
Både SKL Nett og driftsentralen er på vakt for å setja inn ressursar om det vert naudsynt. Folk og utstyr er klare, me har fylt opp bilar og utstyr med drivstoff, og sagkjedene på motorsagene er nyslipte.
Skulle straumen bli borte, kan det vera lurt å ha nokre enkle hjelpemiddel klar:
- Ha alltid lommelykt med gode batteri klar.
- Stearinlys og noko å tenna med er lurt å ha i beredskap.
- For dei som har alternative oppvarmingskjelder er det godt å ha turr ved eller anna klart.
- Hugs at me gjer alt me kan for at alle skal få straumen attende så snart som råd om de opplever at den blir borte.