Haugaland Kraft og SKL ynskjer å videreutvikle selskapa gjennom omstrukturering.
Styra i Haugaland Kraft AS og Sunnhordland Kraftlag AS har vedteke å arbeide fram ein avtale om å omstrukturere selskapa gjennom kjøp og sal av verksemdområde.
Transaksjon vil innebera eit betydeleg byte av aktiva der SKL si nettverksemd og marknadsverksemd vert selt til Haugaland Kraft, SKL overtek Haugaland Kraft si produksjonsverksemd.
Styra i begge selskap handsama i går, tirsdag 10. februar 2015, avtalen i styremøte og har bedt selskapa arbeide vidare med å realisere avtalen.
Begge selskap har hatt god utvikling dei seinere år, og har skapt betydelege resultat for eigarane sine. Behovet for å gjera strukturelle endringar er nødvendig for å sikra vidare vekst, sier styreleiar i Haugaland Kraft Didrik Ferkingstad. Reindyrking, spissing og fokus på kjerneverksemd blir viktig framover for å sikra strategien til selskapea om fortsatt vekst og utvikling.
Kraftbransjen står framfor store strukturelle endringar og behovet for investeringar i nett og produksjon er stor i dei komande år, uttalar styreleiar i SKL AS Atle Neteland. Dei strukturelle endringane vil sikra og kvalitetsbetra beståande produksjon i SKL samtidig som det vil gje utsikter til ny produksjon og utbygging.
Begge selskap har vore viktige for utviklinga av regionen og eigarskapet til selskapa vil framleis vera regionalt forankra. Reindyrking, spissing og fokus på kjerneområda vil vera med på å få fram potensiale til å skapa langsiktige verdiar, sikra og utvikla arbeidsplassar og gje kundane best mogleg produkt og tenester til konkurransedyktige prisar.
Omstruktureringa av selskapa er planlagt gjennomført i løpet av 2015 med atterhald om godkjenning av styre og eigarar i begge selskap.
Sjå video med intervju av toppsjefane i begge selskap på h-avis sine sider ved å klikka på lenkja under