På ein av dei første dagane som verkeleg melder om at det er vår i lufta, treff me 3 karar frå SKL Nett som arbeider med landinstallasjonen på ferjekaien. Det er ikkje småtteri av straum som skal til for at ferja kan få ein lydlaus og utsleppsfri tur over fjorden.
-2 MW kan leverast til ferja, 1 MW direkte frå SKL straumnett og 1MW frå batteribanken på kaia. Batteribanken vert lada opp når ferje er på tur over Langenuen. Det er kraftige saker. Testinga har gått heilt fint, og pluggen som skal koplast til ferja sitt straummottak fungerer, seier prosjektleiar Vidar Sagen-Roland. -Det er fint at me snart kan koma i gang med ordinær drift. Me har jo halde på sidan i fjor sommar, men no ser det ut til at me berre er dagar eller veker frå offisiell start.
Prosjektleiar Vidar Sagen Roland forklarer engasjert korleis «pluggen» verkar
Enno er me i testfasen. Det er småting som skal justerast. Mellom anna skal det monterast eit automatisk system for innkopling til straumpluggen på land når ferja legg til kai. Så snart koplinga er gjort startar ladinga. Ferja brukar litt meir energi for kvar tur enn ho ladar ved kai, slik at litt utpå dagen må dieselmotoren starta for å hjelpa litt til med ladinga. Men i all hovudsak skal ferja gå på straum.
«Pluggen» som skal kopla ferja til straumkjelda på land vert styrt på plass med ein pilot, før kontakten vert oppreta.
Batteriferja er eit samarbeidsprosjekt i NCE Maritime CleanTech. Dette er ei næringsklynge lokalisert på sørvestlandet med hovudtyngde i regionen mellom Bergen og Stavanger. Næringsklynga inneheld verksemder frå heile den maritime verdikjeda, everandørar av fornybar energi, samt forskings- og utdanningsinstitusjonar.
Om ikkje lengje kan me reisa lydlaust og utsleppsfritt over Langenuen!