Tysdag 9. juni vitja ein Georgisk delegasjon SKL. Det var embetsmenn frå energidepartementet og miljødepartementet samt representantar for to miljøvernorganisasjonar. Besøket var eit ledd i deira studietur til Norge tilknytt eit samarbeidsprosjekt mellom Norge og Georgia med formål om berekraftig utbygging av vasskraft i Georgia. Delegasjonen vitja Gjønaelva kraftverk som er under bygging. Torfinn Kolle gav dei besøkjande ei orientering om SKL si verksemd og vår grunnhaldning der vi legg stor vekt på å bidra til berekraftig utvikling i høve til menneske, natur og kultur. Vidare fekk dei besøkjande orientering om konsesjonsprosessen tilknytt til bygging av småkraftverk og korleis både private og samfunnsinteresser var teke omsyn til i samband med bygging av Gjønaelva kraftverk.
Share this post